Fylkesmannen i møte med nye Volda kommune

Fylkesmannen inviterte seg til møte med nye Volda kommune for å få ei oppdatering på status i arbeidet med samanslåinga av Volda og Hornindal kommune den 24. aug. 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.09.2018

Fylkesmannen merkar seg at det skjer mykje innovasjon og utviklingsarbeid i nye Volda kommune, og at dei er opptekne av kvalitetsforbetring og effektivisering av tenestene til beste for innbyggarane og dei tilsette i den nye kommunen. Prosjektleiinga legg også vekt på å legge til rette for ei god samfunnsutvikling for nye Volda og for heile regionen på Søre Sunnmøre.

Fylkesmannen fekk ein god gjennomgang av arbeidet med bygginga av den nye kommunen. Prosjektleiinga står framfor eit travelt år før dei blir ein ny kommune 1. jan. 2020, men dei er godt nøgd med framdrifta. Alt er i rute og dei rosar dei tilsette og tillitsvalde for positive haldningar og ståpåvilje til å bygge den nye kommunen.

Dei største utfordringane ligg nok i at det er ei samanslåing med fylkesbytte. Prosjektleiinga seier det er mange ukjente faktorar enda både på statleg og fylkeskommunalt nivå.