Sjekk dine nye kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har laga eit verkty der ein kan få informasjon om ein tenkt ny kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.09.2014

"Ny kommune" er eit verkty som genererer informasjon om ei tenkt ny kommune, basert på dei kommunane som går saman.

Verktyet gir informasjon om:

- Folketalsendring og prognose for folketalsendring

- Prognose for folketalsendring innan funksjonelle aldersgrupper

- Tal på innbyggarar for kvar innbyggar som er over 80 år, samt prognose for åra framover

- Tal på kommunale årsverk pr 1.000 innbyggar innan barnehage, grunnskule og pleie og omsorg, samt prognose for åra framover

- Fordeling av sysselsetting innan privat og offentleg sektor

- Næringssamansetning (primær, sekundær, tertiær)

- Arbeidspendling

- Kommuneøkonomi

- Økonomisk støtte i kommunereforma: Eingangsstøtte, reformstøtte og inndelingstilskott

 

Verktyet er på www.nykommune.no

Lenker