Folkemøte for ungdom i Kristiansund

Mandag 4. april og tirsdag 5. april var det folkemøter for ungdom i Kristiansund.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.04.2016

Møta var retta mot elevar i vidaregåande skule og ungdomsskulen. Elevane hadde mange gode spørsmål om reforma. Dei lurte mellom anna på om kommunalt ansatte ville miste jobben som følgje av reforma. Dette vart avkrefta av varaordfører i Aure, Hanne Berit Brekken.

I løpet av desse to dagane har kommunereforma vore tema for til saman 1750 elevar på Nordmøre.

Fylkesmann Lodve Solholm fortalde om det nasjonale oppdraget, medan prosjektmedarbeidar Solveig Buvik samanlikna norske kommunar med «The Bachelor» som er ute og frir.