Utviklinga i kommuneøkonomien 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga i kommuneøkonomien i fylket. Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.07.2018

Tala er henta frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), og i hovudsak databasen Kostra. Kostra står for Kommune-Stat-Rapportering. Kvart år rapporterer kommunane rekneskapstala sine til SSB. Rundt 15. mars blir ureviderte rekneskapstal publisert, og rundt den 15. juni blir dei reviderte rekneskapstala publisert. Tala i rapporten bygger på dei reviderte rekneskapstala.

Rapporten kan vere aktuell lesing for folkevalde, tilsette i administrasjonen i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå og andre som har interesse for kommunane sin økonomi.