Midsund kommune inn i Robek

Midsund kommune er meldt inn i Robek fordi underskotet frå 2016 ikkje vart dekt inn innan 31.12.2017.

Midsund kommune hadde eit underskot på kr 684 739,- kroner i 2016 som kommunestyret vedtok skulle dekkast inn i 2017. Sidan Midsund gjekk med eit nytt underskot i 2017 på 4 117 245,- kroner, blir ikkje underskotet frå 2016 dekt inn. Kommunen blir derfor meldt inn i Robek etter kommunelova § 60 nr. 1 bokstav d.

Kontaktpersoner