Skjønnstildelinga i statsbudsjettet 2018

Vi viser til brevet vårt frå 30. mai i år om innspel til ordinære skjønnsmidlar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tildelt 46 532 000 kroner i statsbudsjettet for 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2017

Fylkesmannen tildeler årleg skjønstilskot til kommunane i Møre og Romsdal. I 2018 skal 79,7 millionar kroner tildelast. Fylkesmannen har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane, tildelt 46 532 000 kroner i statsbudsjettet. Den kommunevise tildelinga er i vedlagte tabell under relaterte dokument til høgre.

Tildelinga er på følgande grunnlag:

Kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift

Etter endringane i arbeidsgivaravgiftsonene, endringane i retningslinjene for skjønnstildelinga og i oppbygginga av den fylkesvise skjønnsramma, har vi valt å gjere endringar i korleis vi kompenserer dette forholdet. På sikt vil vi handsame denne kompensasjonen etter same prinsipp som for andre forhold vi vurderer i skjønnstildelinga. Det vil si at vi ikkje lenger vil ha ein tilnærma full kompensasjon for endringane i 2007. Vi vil trappe ned gradvis tildelinga vi tradisjonelt fram mot 2020.

Språkdeling

Kommunar som har ekstrautgifter til oppretting av nye klasser som følje av språkdeling har fått ein kompensasjon. Dette er tildelt kommunar som berre på grunn av kravet om begge målføre må lage ekstra grupper i grunnskolen.

Rovviltpolitikk

Skadeførebyggjande og konfliktdempande tiltak i regi av kommunen der aktuelle interesser er representert.

Skyss av helsepersonell

Kommunar som har særskilte utgifter til ambulansebåt har fått ein kompensasjon.

Barnevern

Utgiftene knytt til barnevern, og spesielt barn under omsorg, varierer mykje mellom kommunane. Vi kompenserer dei kommunane med dei største utfordringane i fylket. Vi har i utgangspunktet kompensert dei kommunane med eit uforholdsmessig høgt tal på barn under omsorg. Dette er så vurdert opp mot det øyremerka tilskottet for å styrke barnevernet og andre kompensasjonsordningar.

Generell vurdering

Her har vi fordelt ein del til kommunar etter folketal. I tillegg har vi gitt ein kompensasjon til kommunar som har flest barn i husstandar med lav inntekt.