Seks kommunar meldt ut av ROBEK

Hareid, Kristiansund, Rauma, Sandøy, Sykkylven og Ørskog, er meldt ut av ROBEK etter at alle kommunane har dekt inn underskota frå tidlegare år i sin heilskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.06.2017

ROBEK-lista er registeret til Kommunal- og moderniseringsdepartementet over kommunar som har langsiktige økonomiske utfordringar. Kommunane som er på lista har store økonomiske underskot, eller at budsjettet og økonomiplanen viser at kommunen vil gå med underskot komande år.

Fylkesmannen følger særleg opp kommunar som er innmeldt på ROBEK. Dette skjer mellom anna gjennom lovlegkontroll av budsjett, samt at Fylkesmannen må godkjenne alle låneopptak og langsiktige låneavtalar i ROBEK-kommunane.  Det er Fylkesmannen som melder kommunar inn og ut av ROBEK.

Økonomi i balanse

Sjølv om kommunane i 2016 fekk god draghjelp av ein høg skatteinngang, viser det òg at kommunane har tatt grep for å omstille kommunen og kommuneøkonomien. Det betyr ikkje nødvendigvis at kommunane har romsleg økonomi, men at økonomien er i balanse. Av rekneskapstala ser Fylkesmannen at kommunane kan få økonomiske utfordringar i åra som kjem, og anbefaler derfor kommunane å halde fram med omstilling for å sikre ein berekraftig økonomi.

 

Fire kommunar er framleis på ROBEK

Fram til utmeldinga av ROBEK for seks kommunar i Møre og Romsdal i samband med at rekneskapen for 2016 er avlagd og vedtatt i kommunestyra, var Møre og Romsdal det fylket i landet med flest registreringar i ROBEK. Talet på ROBEK-kommunar i fylket er no fire; Giske, Sande, Stranda og Ålesund.

Kommunane som har blitt meldt ut av ROBEK no i sommar er markert med grønt på kartet, medan kommunar som framleis er registrert i ROBEK er markert med raudt. Kommunar som fekk eit underskot i rekneskapen i 2016 er markert med gult. I tillegg til Midsund hadde også Sande eit underskot i rekneskapen for 2016.

Frå kartet ser vi at dei fire kommunane som framleis er registrert i ROBEK, har alle tilhaldsstad på Sunnmøre.

Kontaktpersoner