Driftsutgifter per innbyggar i kommunane i Møre og Romsdal

Dei meir folkerike kommunane i fylket, og kommunar som anten har eller har hatt lang fartstid i ROBEK, har til dels betydeleg lågare driftsutgifter per innbyggar enn dei mindre befolka kommunane. Til dømes er det berre 2 av dei 16 kommunane med høgast brutto driftsutgifter som har over 4000 innbyggarar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Ei oversikt over kommunane sine driftsutgifter per innbyggar for nokre sektorar, netto og brutto, er lagt ved i ein tabell som du finn på høgre side av teksten. Vedlegget inkluderer òg ein figur over høvesvis totale netto- og brutto driftsutgifter per innbyggar i kommunane.

Tala er henta frå SSB sine KOSTRA-data for rekneskapsåret 2016, og gjeld for kommunekonsern, det vil seie samla tal for kommunerekneskapen, kommunale føretak, interkommunale selskap og interkommunale samarbeid.

Brutto driftsutgifter per innbyggar syner einingskostnaden ved den totale kommunale verksemda og kan vere ein  indikator på produktivitet.

Netto driftsutgifter syner driftsutgiftene inkludert avskrivingar etter at driftsinntektene er trekt frå. Dei resterande utgiftene må då bli dekt av dei frie inntektene som skatteinntekter og rammeoverføringar frå staten mv. Netto driftsutgifter per innbyggar kan vere ein prioriteringsindikator i kommunane.