3 nye kommunar inn i ROBEK

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kontrollert rekneskap for 2015 i alle kommunane med omsyn til inn- og utmelding i register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek), jf kommunelova §60.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kontrollert rekneskap for 2015 i alle kommunane med omsyn til inn- og utmelding i register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek), jf kommunelova §60.

Robek-reglane er slik: Dersom underskotet ikkje vert dekt inn slik kommunen sjølv har vedteke, og maks innan 2 år, så vert kommunen innmeldt på Robek lista. Ein av konsekvensane er at alt låneopptak i kommunen da må godkjennast av Fylkesmannen: Men det er også ein god moglegheit til å få kommuneøkonomien raskt inn på rett spor att. Reglane for å bli innmeldt i Robek er klare og strenge.

Gjennomgangen viser at det er tre nye kommunar som blir meldt inn i Robek. Det er 1546 Sandøy, 1514 Sande og 1532 Giske. 

 

Sandøy kommune
Sandøy kommune vedtok i forbindelse med handsaminga av årsbudsjettet for 2014 å dekkje inn eit underskot på kr 3 389 379,79 ved bruk av disposisjonsfond. I desember 2015 vedtok kommunen å utsetje inndekkinga av underskotet frå 2014 til 2016. Rekneskapen for 2015 viser at meirforbruket ikkje er dekt inn. Sandøy har ikkje fulgt sin opprinnelige vedtekne plan for inndekning av underskotet for 2014 og blir meldt inn i Robek, jf kommunelova § 60 nr 1, bokstav d.

 

Sande kommune
Sande kommune vedtok i samband med handsaminga av rekneskapen for 2014 å dekkje inn eit  underskot på kr 1 601 037,- ved bruk av disposisjonsfond. Rekneskapen for 2015 viser at det ikkje skjedde. I vedtatte budsjett for 2016 har heller ikkje kommunen ført opp inndekking av underskotet frå 2014. Først i 2017 er inndekkinga av underskotet tatt inn i økonomiplana, og det vil da seie at kommunen brukar meir enn 2 år på å dekkje underskotet frå 2014. Det gjev grunnlag for innmelding i Robek etter kommuneloven § 60 nr 1 bokstav c. Fylkesmannen er kjent med at kommunen allereie er godt i gang med omstillingsarbeidet for å vinne att økonomisk balanse.

 

Giske kommune
vedtok å dekkje inn underskotet på kr 9 139 575,67 frå 2014 i budsjettet for 2015. Årsrekneskapen for 2015 viser at meirforbruket ikkje er dekt inn. Dette gir grunnlag for innmelding i Robek etter kommunelova § 60 nr 1, bokstav d.

1523 Ørskog blei meldt inn tidlegare i sommar.

 

Møre og Romsdal har no 10 kommunar i Robek.
Det er Ålesund, Kristiansund, Hareid, Ørskog, Stranda, Sykkylven, Rauma, Sandøy, Sande og Giske.
Alle Robek-kommunane, med unnatak av Stranda, vil vere ute av Robek innan 2020. Stranda si plan er å vere ute av Robek i 2023, men ligg godt an til å kunne bli utmeldt tidlegare enn planlagt.