Kommunebilde og kommunedialog

Fylkesmann Lodve Solholm (t.v) og ordfører Ola T. Heggem i Rindal kommune.
Fylkesmann Lodve Solholm (t.v) og ordfører Ola T. Heggem i Rindal kommune.

Fram til kommunevalet i 2015 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomføre dialogmøter med alle dei 36 kommunane i fylket. Til kvart møte blir det utarbeid eit kommunebilde for den aktuelle kommunen.

På sine kommunebesøk tar Lodve Solholm med seg nokre av sine medarbeidarar. Dei ønskjer å møte formannskapet, den administrative leiinga, samt representantar frå Ungdomsrådet i kvar kommune. Målet med besøka er å bli betre kjent med kvarandre sine oppgåver og roller, og på den måten å utvikle eit enda betre samarbeid til det beste for innbyggarane i fylket. Mange saker kan finne løysning på eit langt tidlegare tidspunkt, og være arbeidssparande for både kommunen og fylkesmannen.

Ein god dialog
Målet med Kommunebilde er at det skal bidra til at kommunen og Fylkesmannen saman kan ha ein god dialog om ulike utfordringar, slik at ein kan ha eit godt samarbeid og kome fram til betre løysingar for innbyggarane i Møre og Romsdal.

Kommunebildet er forankra i Fylkesmannens embetsoppdrag, og vil saman med kommunestatistikk og andre aktuelle grunnlagsdokument vere eit naturleg utgangspunkt for Fylkesmannens besøk i kommunane.

Mange tema
Innhaldsmessig rettar dokumentet søkelys mot følgjande tema:

  • Regional og kommunal samfunnsutvikling - plansamordning
  • Kommunal og beredskap
  • Helse- og sosial
  • Oppvekst og utdanning
  • Miljøvern og arealforvaltning
  • Landbruk

Tema/kapittelinndeling avspeglar i hovudsak strukturen i fagavdelingane hos Fylkesmannen. For kvart tema blir presentasjonen bygd opp rundt tre hovudpunkt:

  • Fylkesmannen sine fokusområde
    • omfattar relevante og konkrete forhold for Fylkesmannens kontakt med kommunane i fylket med utgangspunkt i statlege forventningar og politikk
  • Fylkesmannen sitt bilde av kommunen
    • omfattar ei kort oppsummering av  kommunen sin status i forhold til Fylkesmannens fokusområde og eventuelle andre relevante forhold
  • Dialogpunkt
    omfattar forhold der Fylkesmannen ønskjer ein dialog med kommunen  

 

Dialogdokumenta blir lagt ut på denne sida etter kvart som dei er ferdigstilte. Du finn dei under relevante dokument til høgre på sida.

Under denne artikklen vil du finne reportasjar, presentasjonar og anna stoff frå dialogmøta.