Søknad om utfylling i sjø ved Volda ferjekai


Høringsfrist 22. mars 2019 23:59

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til å fylle ut i sjøen i tilknyting til bygging av ny ferjekai.

Dei skal fylle ut med om lag 5 800 m3 masse. Det meste er steinmassar, men det skal også nyttast noko rein betong. I tillegg skal fyllinga plastrast med om lag 1 250 m3 steinmassar. Tiltaka er planlagt utført i perioden mai til september 2019.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 22.03.2019.

Kontaktpersoner

Dokumenter