Søknad om pilotprosjekt med dumping ved Raudsand


Høringsfrist 18. februar 2019 23:59

Veidekke Entreprenør AS søkjer om løyve til å dumpe ca. 100 tonn sprengstein på sjøbotnen utenfor Raudsand.

Pilotprosjektet skal gjennomførast for å undersøke kva effektar dumping vil ha på sedimenta i området i forkant av ei planlagt etablering av ei større sjøfylling.

Opp mot 100 kvadrameter sjøbotn kan bli påverka av pilotforsøket, som er planlagt utført i februar eller mars 2019 med ei varigheit på ein dag.

Søknadsdokumenta frå Veidekke kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 18. februar 2019.

 

Kontaktpersoner

Dokumenter