Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt, trevirke og hardplast i Rauma


Høringsfrist 22. januar 2019 23:59

J O Moen Sandtak AS søker om løyve etter forureiningslova til å ta imot, mellomlagre og knuse brukt asfalt og til å ta imot og mellomlagre trevirke og hardplast i sandtaket i Breihjellen i Rauma kommune.

Det er aktuelt med eit årleg mottak av inntil 15 000 tonn returasfalt, 20 000 tonn trevirke og 20 000 tonn hardplast på gnr. 97 bnr. 3 og 5 og gnr. 104 bnr. 2.

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenka til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Rauma kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal før 22.01.19.

Kontaktpersoner

Dokumenter