Replast AS søkjer om løyve til verksemd etter forureiningslova


Høringsfrist 11. januar 2019 23:59

Replast AS søkjer om løyve til å starte gjenvinning av plast på Husøya i Kristiansund kommune. Dei søkjer om eit årleg mottak av 30.000 tonn plast til materialgjenvinning.

Replast AS vil i hovudsak transportere varene inn og ut med båt. Andelen av transporten på veg blir som i dag. Replast vil ta imot alle typar plast. Dei vil vaske og sortere plasten før det lagast granulat.

Eventuelle kommentarar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 11.01.2019.