Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal


Høringsfrist 15. januar 2019 23:59

Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg ut Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal til høyring. Planen omhandlar utsettingar av anadrom laksefisk og innlandsfisk i regulerte vassdrag.

Første kultiveringsplan for Møre og Romsdal låg føre i 1999. Etter den tid har ny kunnskap om effektar av kultivering endra synet på denne aktiviteten. Kultivering med omsyn til å sikre og styrke bestandane er i dag endra. Omfanget av kultivering i Møre og Romsdal i dag er redusert samanlikna med aktiviteten berre få år tilbake i tid. 

Føremålet med planen er å legge føringar for ein fagleg treffsikker og berekraftig kultiveringsaktivitet i tråd med lokale bestandsbehov og samstundes i tråd med nasjonale retningsliner og kvalitetskrav.