Søknad om løyve til utslepp frå forbrenningsanlegg i Sykkylven


Høringsfrist 28. april 2017 23:00

J.E. Ekornes AS avd. Aure søker om løyve etter forureiningslova til utslepp frå flisfyringsanlegg ved verksemda sin fabrikk i Kyrkjeberget 2 i Sykkylven kommune. Det er søkt om å få brenne inntil 300 tonn flis årleg. Flismaterialet er treavfall i form av bøkefinér produsert ved J.E. Ekornes AS avd. Tynes.

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenka til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Sykkylven kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 28.04.17.