Vern av 5 nye skogområde - høyring


Høringsfrist 24. juni 2020 23:59

Alm frå Fjøseid - foto Øivind Leren
Alm frå Fjøseid - foto Øivind Leren

Fylkesmannen høyrer med dette framlegg om vern av naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.

Arbeidet gjeld:

* Ramnfloget naturreservat, Molde (990 daa)

* Almbekken naturreservat, Surnadal (380 daa)

* Fjøseid naturreservat, Tingvoll (2420 daa)

* Vasselen naturreservat, Tingvoll (320 daa)

* Todalen naturreservat, Aure (utviding av Todalssetra naturreservat med 5140 daa med namne-og forskriftsendring)

 

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Det er utarbeidd eit faggrunnlag for kvart enkelt område med verneforskrift og kart over tilbodsområda.

Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 24.06.2020.