Oppstart marint vern - Griphølen og Remman


Høringsfrist 30. juni 2020 23:59

Område aktuelt for marint vern - Griphølen og Remman
Område aktuelt for marint vern - Griphølen og Remman

Melding om oppstart og høyring av utgreiingsprogram for marin verneplan for Griphølen og Remman - Kristiansund og Smøla kommunar

Fylkesmannen melder i samsvar med § 42 i naturmangfaldlova om oppstart av arbeidet med marin verneplan for Griphølen og Remman i Kristiansund og Smøla kommunar. Verneplanen skal innehalde ei konsekvensutgreiing, og eit utgreiingsprogram skal difor ligge til grunn for arbeidet.

Vi ber med dette om:

  1. innspel til korleis verneforslaget med føresegner bør utformast.
  2. merknader til utgreiingsprogrammet, dvs. til korleis verneplanarbeidet og utgreiingane bør gjennomførast.

Frist for innspel og merknader er 30. juni 2020. Send e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no, ev. brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.

Informasjonsmøte på nett

Det er vanleg praksis å gjennomføre opne informasjonsmøte ved melding om oppstart. koronasituasjonen gjer at vi må halde dette på nett.

Nettmøtet blir gjennomført torsdag 28. mai kl. 1900.

Vi ber alle som ønskjer å delta på nettmøtet om å sende e-post til kontaktperson Bjarne Otnes (sjå eigen boks). Du vil då få tilsendt lenke til møtet.

Det kan også vere aktuelt å tilby eit fåtal personar å delta frå videomøterom på rådhusa i kommunane, men dette vil vere ei «nødløysing» dersom nokon har vanskar med å delta i eigen regi. Ta i så fall kontakt på e-post eller telefon.

For informasjon om verneplanarbeidet og dei to områda viser vi til vedlagt utgreiingsprogram.