Oppstartsmeldingar om frivillig vern av skog


Høringsfrist 10. april 2020 00:00

Fylkesmannen melder med dette oppstart av plan for tre nye områder for vern, samt utviding av to naturreservat, i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

Arbeidet gjeld området Flåstranda i Sunndal kommune med ca. 2880 dekar skog som ei direkte utviding av Hisdalen naturreservat, samt Todalen i Aure kommune med ca.5140 dekar skog som ei direkte utviding av Todalssetra naturreservat. Dei tre nye områda det meldes oppstart av planprosess er ved  Almbekken i Surnadal kommune med 380 dekar skog, Fjøseidfjellet i Tingvoll kommune med 2420 dekar samt Ramnfloge i Molde kommune med om lag 990 dekar skog.

Områda ligg på privat grunn, og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Merknader til oppstartsmeldinga må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 10.04.2020.