Statkraft Energi AS søkjer om mellombels løyve til utslepp


Høringsfrist 25. august 2019 23:59

Statkraft Energi AS skal utvide kanalen og tunnelen for transport av flaumvatn ved Follsjødammen mellom kommunane Surnadal og Rindal.

Dei skal også etablere skråningsvern ved Follsjødammen og Gråsjødammen og etablere eit steinbrot i det same området for å ta ut steinmassar til dette arbeidet.

Tiltaka med systema for flaumavleiing vil kunne gje utslepp til elva Folda, difor søkjer dei om mellombels løyve etter forureiningslova § 11.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 25. august 2019.

Kontaktpersoner

Dokumenter