SSR - Søknad om mottak av EE-avfall og farleg avfall


Høringsfrist 31. august 2019 23:59

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak av EE-avfall og farleg avfall frå næringskundar på anlegget sitt.

Dei ynskjer å ta imot inntil 340 samtidig lagra farleg avfall og 40 tonn samtidig lagra EE-avfall på området sitt ved Smårisevadet 20 i Ulstein kommune. Det er søkt om eit årleg mottak på 300 tonn EE-avfall og 1908 tonn farleg avfall frå næringsaktørar. Dette kjem i tillegg til det SSR tek i mot frå hushald.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 31. august 2019.