Søknad om utfylling i Skodje kommune


Høringsfrist 26. august 2019 23:59

Veri Eiendom AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 31/71 ved Sjukestranda.

Dei ynskjer å fylle ut med om lag 42 000 m3 sprengstein. Eit areal på om lag 7 000 m2 på sjøbotnen vil verte påverka av tiltaket. Tiltaket har planlagt oppstart hausten 2019, og er venta å ta om lag eitt år å gjennomføre.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 26. august 2019.

Kontaktpersoner

Dokumenter