Søknad om utfylling i sjø i Herøy kommune


Høringsfrist 16. august 2019 23:58

Hans Remøy søkjer om løyve etter forureiningslova til å fylle ut med massar i sjø ved Flusund brygge, gnr. 27 bnr. 2, i Herøy kommune.

Det skal fyllast ut med massar over eit areal på om lag 600 m2 (*) for å lage areal som skal nyttast til rorbuer og naust.

(*) NB! Merk at eit mindre areal enn dette er oppgitt i søknadsskjemaet. I korrespondanse med søkjaren har vi fått opplyst at 600 m2 er eit meir realistisk tal.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 16. august 2019.

Kontaktpersoner

Dokumenter