Høyring av skogvern i Tingvoll kommune


Høringsfrist 01. juni 2019 00:00

Fylkesmannen høyrer med dette vern av nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.

Arbeidet gjeld eit område ved Kanestraum på ca. 1950 dekar. Området ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Høyringsfråsegn kan sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 01.06.2019.