Oppdatert rundskriv til Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Til orientering;  ein oppdatert versjon av rundskriv IS-10/2015 er no klar.



Rundskrivet er oppdatert pr. 1.10.2015, blant anna med tilvisning til ny
straffelov (straffelova 2005). Den oppdaterte versjon finn du også på Fylkesmannen
i Møre og Romsdal si heimeside, øverst i høgre margen.

Det er også gjort einskilde presiseringar i teksten; se særleg punkt 2.2.3, 4.2.5.3, 4.2.5.4, 4.5.3.3, 4.5.6 og 4.9.4.1. Presiseringane knyttar seg særleg til beslutningskompetanse (vurdering og tyding), grensa mellom tvang og tilrettelegging (vurderinga og tydninga av konkrete og individuelle forhald), bruk av inngripande teknologi (individuell vurdering, vilkår for bruk av tvang (skaderisiko og naudsituasjon) og krav om to tenesteytarar ved gjennomføringa (tilstedeværelseskravet).

Rundskrivet er sendt til trykking, og 9000 eksemplarar vil bli sendt ut til fylkesmennene, kommunane og habiliteringstjenesta i fyste halvdel av november, fordela ut i frå prinsipp tufta på meldt og reikna behov. Det er ikkje naudsynt å bestille. Det  vert  ikkje haldt noko lager i direktoratet.