Ny mal for kommunale vedtak om bruk av tvang og makt

Etter møte med kommunane 2.9.2015, og i samarbeid med habiliteringstenestane i fylke har Fylkesmannen utarbeidd nye malar som vi oppmodar alle kommunane om å nytte når ein skal fatte vedtak om bruk av tvang og makt etter reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Dei tidlegare malane som heitte «Førstegongsvedtak» og «Fornyingsvedtak» er no slått saman til ein mal. Det er laga ein eigen hjelpetekst til malen, som viser til lova og gjeldande rundskriv. Malane vart prøvd av deltakarane på dei fire grunnkursa som Fylkesmannen arrangerte tidlegare i år.

Vi vonar at alle kommunane tar i bruk malen, for å betre saksbehandlinga og saksbehandlingstida. Om feil eller avvik med malen/hjelpeteksten vert oppdaga, eller om det er andre spørsmål knytt til malen, ver venleg å ta kontakt.