Omsorg 2020
Omsorg 2020 er regjeringa sin plan for omsorgsfeltet 2015-2020.
Den omfatter prioriterte område i regjeringsplattforma, med viktige tiltak for å styrke kvaliteten og kompetansen i omsorgstenestane, samstundes som den følger opp Stortingets behandling av Meld. St. 29 (2012–2013) Morgendagens omsorg.
For å sikre betre kvalitet i tenestene løfter regjeringa fram nye og forsterka tiltak i Omsorg 2020 i Stortingsmelding 26 " Fremtidens primærhelsetjeneste- nærhet og helhet". Tiltaka skal bidra til nye løysingar for å sikre at brukarane får større påverknad på eigen kvardag, auka valgfridom og eit tilstrekkeleg mangfald av tilbod med god kvalitet.
Vidare vil regjeringa i meldinga fremje tiltak for å betre den medisinske oppfølginga i sjukeheim og heimetenester, og sikre ein betre og meir systematisk samhandling og koordinering mellom dei ulike deltenestane i kommunane.
Omsorg 2020 dekkjer heile livsløpet og er ei satsing for alle brukarar av omsorgstenesta uavhengig av alder, diagnose eller funksjonshemming.