E-læringskurs om saksbehandling

Helsedirektoratet har laga eit e-læringskurs for å sikre god sakshandsaming ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.11.2017

Brukarar og pårørande er ofte i krevjande situasjoner, og det er viktig at dei får gode og riktige tenester. Helsedirektoratet har tidlegare gitt ut ein rettleiar for slik sakshandsaming som gir ein praktisk innføring i reglane som gjeld på feltet, IS-2442. No har dei òg laga eit e-læringskurs, «Veilederen på 1-2-3», som skal føre til at tilsette drøftar problemstillingar og reflekterer over eigen praksis. Kurset bør brukast saman med rettleiaren.