Kompetanseløft 2020

Kompetanseløft 2020 er regjeringas plan for rekruttering, kompetanse og fagutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestane. Kompetanseløft 2020 følgjer opp både Meld. St. 26 (2014–2015) Fremtidens primærhelsetjeneste og regjeringas plan for omsorgsfeltet, Omsorg 2020.

Kompetanseløft 2020 består av seks strategiar:

  1. Sikre god rekruttering og stabil bemanning av helse- og sosialfagleg personell

  2. Sikre at grunn– og vidareutdanningane har god kvalitet og er tilpassa tenestane sine behov

  3. Heve kompetansen hos dei tilsette med mål om styrka forsking, innovasjon og kunnskapsbasert praksis

  4. Legge til rette for tenesteutvikling, teamarbeid og innovasjon

  5. Bidra til god praksis, fagleg utvikling, større fagleg breidde og kunnskapsspreiing 

  6. Bidra til betre lediing gjennom målretta satsing på auka leiarkompetanse