Søknad om fritak frå teieplikt

Statsforvaltaren (Fylkesmannen i lovteksta) kan frita vitne frå teieplikt i forvaltninga. Søknad bør sendast Statsforvaltaren seinast to veker før saka skal opp i retten.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.09.2017, Sist endret 23.01.2023

Statsforvaltaren (i lovteksta "Fylkesmannen") kan frita tilsette i barnehagar, skule, barnevernsteneste, helse- og omsorgstenesta og Nav (sosialtenesta), samt personar med oppgåver etter introduksjonslova, frå teieplikt dei har i forvaltninga. Fritaket gjeld både vitneavhøyr og dokument som blir lagt fram for retten og i politiavhøyr i straffesaker.

Unntak for barnefordelingssaker

I barnefordelingssaker skal ikkje Fylkesmannen frita barnevernstilsette frå teieplikta. Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta i barnevernlova § 6-7 gi opplysningar til domstolen, jamfør barnelova § 61a.

Særleg om helsepersonell

Offentleg tilsett helsepersonell har både teieplikt i kraft av å vera helsepersonell (yrkesretta teieplikt), og som følgje av at dei arbeider for stat eller kommune (forvaltningsmessig teieplikt). 

For offentleg tilsett helsepersonell kan Statsforvaltaren (i lovteksta "Fylkesmannen") gi fritak for teieplikt dei har i forvaltninga.

Statsforvaltaren kan ikkje oppheve yrkesretta teieplikt etter helsepersonellova for dei yrkesgruppene som har vitneforbod etter tvistelova § 22-5 og straffeprosesslova § 119.  Berre den som opplysningane gjeld, kan oppheva slik teieplikt.

Samtykke

Når den som har krav på teiing har samtykka, er det heller ikkje nødvendig å søka Statsforvaltaren om fritak frå forvaltningsmessig teieplikt. Dette fordi eit samtykke medfører at vitnet ikkje bryt lovbestemt teieplikt ved å forklara seg.

Der det er barn som er verna av teieplikta, er det foreldre med foreldreansvar som kan samtykka på vegne av barna. Som hovudregel må begge foreldra samtykka.

Søknad til Statsforvaltaren

NB: Søknad om fritak for teieplikt må innehalda opplysningar om:

  • Kven som er partar eller tiltalt
  • Kva saka eller tiltalen gjeld og partane sine påstandar
  • Kor tid saka skal opp for retten, kva domstol saka skal gå for og saksnummer i retten
  • Vitnets namn, yrke og stillingstittel
  • Kva vitnet skal forklara seg om, og kvifor dette er relevant for saka

Søknaden må i tillegg opplyse om ein har forsøkt å få samtykke frå den opplysningane gjeld. Om mogeleg bør søknaden dessutan vise korleis vitnet og hans eller hennar overordna stiller seg til fritaket.

Kontaktpersoner

Lenker

lovdata.no finn du reglar om teieplikta i forvaltninga og fritak frå denne. Klikk på lenkene under for å lese meir:

Tvistelova
§22-3 og §22-5

Straffeprosesslova
§118, §119 og §230

Forvaltningslova
§13a