Pneumokokksykdom i Møre og Romsdal

Det har dei siste 3 månadane vore fleire tilfelle av påvist pneumokokklungebetennelse i Møre og Romsdal.

Det føreligg mistanke om utbrudd av ein spesielt smittsam pneumokokkbakteriestamme blant tilsette ved Langsten Verft (VARD) i Vestnes kommune. Fleire av pasientane har vore behandla ved Molde og Ålesund sjukehus.

Kommunehelsetenesta i Vestnes, Folkehelseinstituttet, smittevernlegar ved Ålesund og Molde sjukehus, Arbeidstilsynet og verfta i Tomrefjord samarbeider om den vidare handteringa av situasjonen. Ein planlegg tilbod om vaksinasjon til tilsette ved verftet og personar som har vore i kontakt med verftet anbefalast å kontakte lege ved teikn på infeksjonssykdom, som aukande feber og generell sjukdomskjensle. Pneumokokksjukdom behandlast med antibiotika og ein anbefalar no låg terskel for behandling ved mistanke om pneumokokksmitte.

Ifølge Folkehelseinstituttet er det ikkje grunn til å tru at lokalbefolkninga og andre som ikkje eksponerast gjennom arbeidet er utsett for auka smittepress. For desse gruppene gjeld dei generelle råda om pneumokokkvaksinasjon.

I Norge får alle barn tilbod om vaksine mot pneumokokkar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Etter vaksina vart innført i 2006 har ein sett ein reduksjon av alvorleg pneumokokksjukdom i alle aldersgrupper. Folkehelseinstituttet tilrår vaksinasjon mot pneumokokkar for alle som er 65 år eller eldre, og andre som har kjente risikofaktorar.

Informasjon om smitteutbruddet finst på nettsidene til Helse Møre og Romsdal, Vestnes kommune og Folkehelseinstituttet.

Langsten verft (VARD) kan kontaktast med spørsmål om vaksineringa: 70 21 06 00. 

Ved sjukdom eller medisinske spørsmål kan du henvende deg til ditt lokale legekontor eller legevakt.

Kontaktpersoner