Meld frå om kritikkverdig forhold

Ein arbeidstakar som får kjennskap til eit mogleg kritikkverdig forhold på arbeidsplassen sin, har rett til å varsle offentlege instansar om dette. Dette blir kalla ekstern varsling.

Fylkesmannen behandlar varsel om brot på lover og reglar innanfor dei saksområda vi har ansvar for, men vi har også plikt til å ta imot varsel når ein arbeidstakar eller nokon som har tilknyting til arbeidsplassen melder frå om brot på interne retningslinjer eller brot på etiske normer i verksemda. Dersom varselet er utanfor vårt ansvarsområde, gir vi råd om kva varslaren bør gjere. Om mogleg viser vi varslaren til rett offentleg organ.

Fylkesmannen forvaltar regelverk innan desse områda:

  • helse, omsorg og sosialtenester
  • landbruk og mat
  • samfunnstryggleik og beredskap
  • barnevern
  • verjemål
  • kommunal styring
  • barnehage og opplæring
  • miljø og klima
  • andre forhold som gjeld folk og samfunn

Du som varslar må vere i god tru på at det faktisk er eit kritikkverdig forhold, og eit varsel kan ikkje byggje på grunnlause påstandar. Å varsle er noko anna enn å klage på utfallet av ei sak.

Ulike måtar å varsle på

Tilsette er ofte dei første som oppdagar eller får mistanke om lovbrot eller andre kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. For samfunnet og for arbeidslivet er det viktig å avdekkje kritikkverdige forhold.

  • Ved intern varsling seier arbeidstakaren frå til nokon internt i verksemda. Det kan vere til eigen leiar eller gjennom eit internt varslingssystem.
  • Ved ekstern varsling seier ein arbeidstakar frå til nokon utanfor verksemda som har mynde til å rette på forholdet, for eksempel til ein offentleg instans.
  • Etter endringar i arbeidsmiljølova gjeldande frå 1. januar 2020, gjeld reglane om varsling langt fleire enn vanlege arbeidstakarar. Reglane om ekstern varsling gjeld no også elevar, vernepliktige, sivile tenestepliktige, pasientar i helse- og attføringsinstitusjonar, personar som er utplassert i arbeidslivet og personar som deltar i arbeidsmarknadstiltak. Felles for desse gruppene er at dei har tilknyting til arbeidsplassen.

Teieplikt

Fylkesmannen har teieplikt når du sender et varsel til oss. Vi har plikt til å hindre at andre får kjennskap til namnet ditt eller andre identifiserande opplysningar. Du kan også velje å vere anonym når du sender eit varsel til oss, men da kan det være vanskelegare for oss å følgje opp varselet.

Bruk gjerne skjemaet nedanfor for å sende et varsel til oss. Spørsmåla vi stiller i skjemaet, gjer det enklare for oss å behandle varselet ditt på best mogleg vis. 

Lenke til elektronisk skjema - Varsel til fylkesmannen

Vis mer