Tilskot til trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn utanom "Den norske kirke" kan krevje eit årleg tilskot frå staten og frå kommunar der det bur medlemmar av samfunnet.

Tilskotet skal være av ein slik størrelse at det per medlem omlag tilsvarar staten og kommunen sine budsjetterte utgifter til Den norske kirke per medlem.

Trus- og livssynssamfunna skal sende eller levere kravet til Fylkesmannen.

Fristen for trus- og livssynssamfunn til å sende krav til Fylkesmannen om statleg og kommunalt tilskot er 1. mars

Fristen for trus- og livssynssamfunn til å sende krav til Fylkesmannen om statleg og kommunalt tilskot er 1. mars kvart år (fell 1. mars på ein laurdag, søndag eller annan heilagdag, vert fristen forskjøve til første påfølgande kvardag). Fristen kan ikkje fravikast.

Frist for å sende inn årsmelding og regnskap: 

Fristen for trus- og livssynssamfunn til å sende årsmelding og regnskap til Fylkesmannen er 10. april kvart år (fell 10. april på ein laurdag, søndag eller annan heilagdag, vert fristen forskjøve til første påfølgande kvardag). Samfunna kan søke Fylkesmannen om forlenging av denne fristen.    

Kravskjema

Skjema for kortfattet årsmelding for trossamfunn

Rundskriv

Forarbeider til lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn

Annet