Statsborgarseremoni 4. juni

Laurdag 4. juni vert det statsborgarseremoni for 173 nye statsborgarar i Bjørnsonssalen ved Hotell Scandic Seilet.

440 nye statsborgarar vart inviterte til seremonien og 173 har takka ja til å delta. Dette utgjer 39,3%. Dei nye statsborgarane som deltek kjem frå 36 land og representerer 27 av kommunane i Møre og Romsdal.

Ein del ordførarar vil også vere til stades.