125 nye statsborgarar deltok på seremonien i Ulsteinvik

I Ulsteinvik møtte det laurdag 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien. Det var ekstra kjekt at desse kom frå alle dei 17 kommunane på Sunnmøre.

Alle gjestane hadde tatt plass i salen, då dei nye statsborgarane kom inn akkompagnert av Ingfrid Grimstad på piano.

Administrasjonssjef hos Fylkesmannen, Hilde Aure ønska velkommen og losa oss igjennom seremonien. Ho fekk alle barna i salen til å vinke med flagga dei hadde fått.

Iver-Olaf og Ingfrid Grimstad sang Halvdan Sivertsens «Sommerfuggel i vinterland», før fylkesmann Lodve Solholm holdt sin tale til dei nye statsborgarane. Fylkesmannen sin tale til vart etterfulgt av songen «Du gjev meg kraft» av Rolf Løvland, framført av Grimstad-søskene.

Gjestetalar Lidia Kozginova

Gjestetalar Lidia Kozginova

 

Gjestetalar Lidia Kozginova holdt ein varm og flott tale til dei nye statsborgarane. Ho fortalte også litt om korleis det var for ho og familien å kome til Norge for litt over 18 år sidan. Dei flytta frå St.Petersburg, ein by med ca. 5 millioner innbyggarar til Vigra, ei øy der ho kunne gå med barnevogna i timesvis utan å treffe eit enaste menneske, det var ein stor overgang.

Ho kom mellom anna med gode råd for korleis ein sjølv kan ta tak for å bli ein del av lokalsamfunnet og få venner og kjente. Dersom du sjølv er aktiv og tar initiativ for å bli kjent med folk, deltar i frivillige organisasjonar, klubber, ikkje seier nei til dugnader, viser engasjement og interesse, positivitet til dei som er rundt deg, har du betre sjanse til å skape eit nytt nettverk med venner og bekjente.

Lidia Kozginova avslutta med å si
-Det jeg kanskje setter aller mest pris på i Norge er at her er det vanlig å stole på hverandre. Den tilliten er en verdi som jeg håper vi får beholde også i framtida. Jeg håper virkelig at dere vil trives her i Norge og at drømmene deres blir oppfylt. Lykke til!

Så leste statsborgarane opp Troskapsløftet saman med fylkesmann Lodve Solholm. Før det vart utdeling av gåvebok og ei rose til dei nye statsborgarane. 

Seremonien vart avslutta med at alle reiste seg og sang Nasjonalsongen.