Informasjon til daglegvarehandelen om søndagsope

Det blir ikkje gjeve dispensasjon frå forbodet mot å halde butikkane ope på søn- og heilagdagar. Dersom situasjonen endrar seg, blir det gjort ei ny vurdering.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.03.2020

Etter lov om heilagdagar og heilagdagsfred har ikkje butikkar høve til å halde ope på søndagar og heilagdagar.

Av lova sin § 5, sjuande ledd følgjer det at "fylkesmannen, etter grunngjeven søknad, kan gje dispensasjonar frå reglane ved særlege tilhøve."

Omsyn som smittevern og forsyningstryggleik kan reknast som eit særleg tilhøve, og gje grunnlag for dispensasjon, sjølv om dette ikkje har vore omsynet med lovreguleringa av høve til å halde søndagsope.

Slik situasjonen er pr i dag vil det ikkje bli gitt dispensasjonar. Butikkar som sel daglegvarer kan som før halde ope på søndagar og heilagdagar, om butikkarealet er under 100 m². Det vil ikkje bli gitt dispensasjon for å utvide butikkarealet for desse butikkane.

Tilrettelegging for naudsynte smitteverntiltak må gjennomførast innanfor ramma av eksisterande lokale. Statsforvaltaren har ikkje mynde til å stengje dei butikkane som fyller krava til å halde ope på søndagar- og heilagdagar. Denne vurderinga ligg til den enkelte kommuneoverlege med heimel i smittevernlova. 

Dersom situasjonen vert vesentleg endra, vil den skjønnsmessige

heimelen i lova sin § 5 sjuande ledd, kunne nyttast til å gje dispensasjonar i enkelthøve, om det viser seg naudsynt og det er grunnlag for eit slikt unntak.