Oppvekst og utdanning

OPPVEKST OG UTDANNING - oppgåver og utfordringar

 

Betre kvalitet i alle barnehagar

Frå 1. august kjem det ein ny rammeplan for barnehagen. Formålet med den er å heve kvaliteten i alle barnehagar. Rammeplanen blir ei forskrift som er kortare og meir konkret og forpliktande enn gjeldande rammeplan.

Forskning viser at det finst gode barnehagar og mindre gode barnehagar. God kompetanse hos personale er avgjerande for kvaliteten. Dei oppdagar barn som treng støtte og kan sette inn tiltak umiddelbart, t.d. språkstimulering.  Det er viktig å sette inn tiltak tidleg når forskjellane mellom barn er mindre. Tidleg læring resulterer i meir læring. Det kan bli dyrt å ta dette igjen gjennom spesialundervisning seinare.

Møre og Romsdal har i fleire år vore eitt av dei fylka som har hatt flest dispensasjonar frå utdanningskravet for barnehagelærarar. I dei siste åra har det vore ei god utvikling når det gjeld kompetanse i barnehagane. I dag har ca. 10% av dei pedagogiske leiarane mellombels dispensasjon frå utdanningskravet medan det i 2013 var 20%. Mange kommunar nyttar seg av tilretteleggingsmidlane som staten har for å få fleire barnehagelærarar. I 2016-17 er det 120 personar som har nytta seg av desse midlane frå staten.

 

Lærarkompetanse – ei utfordring for skulane i fylket vårt

Det er 6,8% av lærarar i kommunale grunnskular i fylket som ikkje fyller kompetansekravet for tilsetting – det utgjer 252 av 3717 lærarar – og det ei auke dei siste åra. Det er store skilnader mellom kommunar med variasjon frå 0 til 35%. Utfordringa er stor når det gjeld lærarrekruttering for over 500 lærarar i grunnskulen er over 60 år og skal erstattast i løpet av få år.

I 2025 kjem nye krav til lærarar som skal undervise i kjernefaga på barne- og ungdomsskulen (norsk, matematikk og engelsk).

Det er totalt 1925 lærarar – (1357 lærarar på barnetrinnet og 568 på ungdomstrinnet i fylket) som pr. i dag underviser i desse faga utan den nødvendige formelle kompetansen. Kommunane har fått frist fram til 2025 til å rette på dette.

Trekkjer vi frå lærarar som blir pensjonister i perioden fram til 2025, er det 1500 lærarar som har behov for vidareutdanning. Det betyr at ca. 190 lærarar pr år frå Møre og Romsdal bør vere under vidareutdanning i desse tre faga fram til 2025. For skuleåret 2016/17 har vi ca. 160 lærarar som har fått tilbod om slik vidareutdanning. Det var over 500 lærarar som søkte sist år,  men ca halvparten vart avslått av skuleeigarane. Det betyr at vi ikkje vidareutdannar nok lærarar til å fylle behovet fram til 2025. Kommunane bør derfor avslå færre søknader i året som kjem.

 

Ny mobbelov – nulltoleranse mot mobbing blir lovfesta 

Undersøkingar for skuleåret 2016-17 viser at talet på elevar som blir mobba går noko ned. Men det er framleis mange elevar som opplever mobbing og andre type krenkingar, og slik kan vi ikkje ha det. Derfor kjem det ei ny mobbelov der nulltoleranse mot mobbing blir lovfesta, Det blir tydelegare og strengare reglar for kva skulane skal gjere når barna  blir mobba, og rettane til elevar og foreldre blir styrka. Den nye regelverket skal vere eit effektivt verkemiddel mot mobbing og dårleg skulemiljø. Skulane får ei aktivitetsplikt og det er eit mål at skulane skal handle raskt og effektivt i enkeltsaker, og arbeide systematisk med å forebygge mobbing og andre type krenkingar. Dagens klageordning vert erstatta med ei enklare, raskare og meir brukerorientert handhevingsordning. Fylkesmannen skal vere såkalt handhevingsorgan og får mynde til å vedta kva skulane skal gjere for å sikre retten til eleven og sjå til at sakene blir behandla raskt. Foreldra og elevar skal kunne klage på fylkesmannen sitt vedtak.  Det er framlegg om å innføre dagbøter for kommunar som ikkje følger opp mobbesaker.  Lovforslaget skal opp i Stortinget i løpet av våren og det er meininga lova skal tre i kraft frå 1. aug 2017.

 

Meir fokus på barnevernsbarn i skule

Ti prosent av alle elevar i norsk skule vil ein eller annan gong få hjelp frå barnevernet. I vårt fylke er det 1800 barn og unge som har hjelpetiltak og om lag 450 barn som er under omsorg av barnevernet.

Ny statistikk viser at barn og unge som har fått hjelp frå barnevernet ofte gjer det dårlegare på skulen, har lavare gjennomføringsgrad i vidaregåande  opplæring og i kjem i mindre grad inn i høgre utdanning. Tala understreker kor viktig det er at skulen og barnevernet sett inn tiltak så tidleg som muleg slik at kvar enkelt barn får den opplæringa dei skal ha.

Barn som får hjelp frå barnevernet oppnår altså langt færre grunnskolepoeng og får dermed avgrensa valmulegheiter når dei skal søkje seg vidare. Under 40 prosent av desse barna fullfører vidaregåande 5 år etter dei begynte, mot 80 prosent i befolkningen for øvrig.  1 av 3 med barnevernstiltak er verken i jobb eller utdanning seks år etter ungdomsskulen, mot 1 av 10 blant annan ungdom. 

Dette er store og alvorlege skilnader.

Når vi veit at det å meistre skulen er ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for at barn som har ein utfordrande heimesituasjon lukkast i vaksenlivet, må vi sikre at dei får nødvendig hjelp. Det er eit ansvar som ligg hos både skulen og barnevernet.

Tett oppfølging fra omsorgspersonar er viktig for å meistre skulen. Når oppfølginga svikter, må skulen og barnevernet sikre at dei får den nødvendige hjelpa for å klare seg bedre på skolen og fullføre utdanningsløpet. Samarbeid og informasjon på tvers av sektorane er avgjerande. Til saman handler det om haldnings- og praksisendringar i skolen og barnevernet.


Oppvekst- og utdanningsavdelinga

Oppvekst- og utdanningsavdelinga har arbeidsoppgåver innanfor
 

  • - barnehage

  • - grunnskole

  • - vidaregåande opplæring

  • - vaksenopplæring

  • - barnevern 

Avdelinga skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, friskolelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter, og det same etter barnevernlova. Fylkesmannen er også klageinstans og fører tilsyn etter dei same lovene.

 

Viktige tema og oppgåver

  • Gi råd bidra til å ivareta rettane og rettsvernet til elevar, lærlingar og deltakarar i vaksenopplæringa.

  • Informere og rettleie elevar, foreldre, føresette, skole- og barnehageeigarar og barnehagemyndigheit om rettar og regelverk.

  • Føre tilsyn med kommunar og fylkeskommune som skoleeigar og kommunen som barnehagemyndigheit.(Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med friskolane)

  • Føre tilsyn med kommunale og statlege tenester etter barnevernlova

  • Behandle klagesaker etter barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, introduksjonslova og barnevernlova.

  • Bidra til gjennomføre av eksamen og sensur i grunnskule og vidaregåande skule.

  • Administrere og gi råd i bruk av digitale verktøy utvikla for sektoren.

  • Bidra til å samordne og følgje opp statlege satsingar og kompetanseutvikling for tilsette i barnehage- og utdanningssektoren.

  • Administrere ulike tilskotsordningar. 

Fylkesmannen skal bidra til at den nasjonale utdanningspolitikken blir følgd opp av fylkes-kommunale, kommunale og private skuleeigarar, og bidra til kunnskaps og kompetanseutvikling til tenester retta mot utsette barn og familiar.

Avdelinga skal vere ein ressurs og eit serviceorgan for kommunar, fylkeskommunar og andre med oppgåver innanfor barnehage, opplæring og barnevern.