Miljøvern

MILJØVERN – oppgåver og utfordringar

På miljøområdet har vi hatt fokus på dei prioriterte områda gitt i tildelingsbrevet frå Miljødirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, samt på å få gjennomført spesifikke oppdrag og oppgåver med tilleggsfinansiering.

På miljøområdet har vi hatt fokus på dei prioriterte områda gitt i tildelingsbrevet frå Miljødirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, samt på å få gjennomført spesifikke oppdrag og oppgåver med tilleggsfinansiering.

 

Berekraftig, trygg og framtidsretta samfunnsutvikling

Fleire av plansakene er både komplekse og konfliktfylte, og krev tett oppfølging i form av møte og synfaringar. Lovverket stiller her store krav til Fylkesmannen både som sektormyndigheit og som samordnar.  Meir konkret ser vi m.a. her at FMMR i dei siste åra har lagt inn meir ressursar i tidleg kontakt i planprosessar, med oppfølgjande arbeidsmøte og synfaringar for å redusere talet på konfliktar i plansaker.    

Embetet har i 2016 fremma motsegn til 79 planar; av dette 69 reguleringsplanar og 10 kommune(del)planar. Talet på motsegner ligg om lag på nivå med tala frå dei siste føregåande åra. I høve til det samla talet på plansaker er det likevel relativt få motsegner. Dei fleste motsegnene er av «teknisk» karakter. Alle  motsegnssaker vart løyst undervegs i planprosessen; ingen av desse gjekk til mekling i 2016.  

Vi har hatt fokus på einskapleg praksis. Dei siste åra har vi jobba mykje med å kople saman data frå ulike aktuelle kunnskapsdatabaser for å kunne lage kartlag for plansjekk etter ulike tema. Det siste temaet som er trekt inn i GisLink er temadata relatert til barn og unges rettstryggleik.

 

Klima

Vi har saman med Fylkeskommunen vore arrangør for eit klimaseminar for kommunane, med spesiell vekt på tilskotsordninga Klimasats. Her vart det lagt vekt å informere om utfordringsbildet og kva som forventast framover og da spesielt innanfor transportsektoren. Det kom inn 16 søknader frå Møre og Romsdal. 7 av desse fekk tilskot på til saman 3,4 MNOK.

Klima i planarbeid og behov for klimatilpassingstiltak har og vore tema på plan- og forureiningskonferansane for kommunane. 

Vi er i gang med å få på plass nye sjekklister for ​gjennomgang av kommunale planar når det gjeld areal- og transportplanlegging. Elles slit vi litt med mangel på ressursar for å kunne få til ei god tverrfagleg og overordna prioritering på dette området.

 

Forvaltning av naturmangfald

Vi har hatt stort aktivitet på aktiv skjøtsel for å bidra til å nå bevaringsmåla for dei ulike verneområda. Det er og satsa mykje på skjøtsel av dei utvalde naturtypane slåttemark og kystlynghei. Det er brukt  2,7 MNOK i tilskott til skjøtsel av desse naturtypane, og 0,6 MNOK til å utarbeide skjøtselsplanar. 

Det største enkeltprosjektet i verneområde i 2016 var utbetring av stiane på Runde. Det er og fjerna framande planter frå 16 verneområde, og det er lagt til rette for beiting og anna skjøtsel. Det er gjennomført store strandryddeprosjekt i Giske, i Sør-Smøla og på Harøya. Det er arbeidd med uttak av mink på Smøla, Fugløya i Kristiansund, i Giske og på Runde.

Det starta opp restaurering av grøfter i Aspåsmyran naturreservat. Det er utarbeidd eit forprosjekt for restaurering av Rørvikvatnet naturreservat, og det er laga ein plan for betring av vassutskiftinga mellom sjøen og Sandblåstvågen. Vasslekkasjane frå Myklebustvatnet naturreservat er tetta.  

Prestaksla naturreservat i Nesset kommune vart i 2016 utvida med ca. 480 daa. Det er arbeidd med tre nye område for vern av skog i 2017. Skogeigarforeininga Allskog har hatt ein sentral rolle i arbeidet med utviding av naturreservatet og er eit resultat av satsinga på frivillig vern. Det er sett i gong eit prosjekt med å kvalitetssikre naturdata i verdfulle skogområde.  

Det er erstatta 881 sauer som tapt til rovdyr i 2016. Dette er på nivået med dei føregåande åra. Heile 85 % av dette er rekna som jerveskade, og det er i Sunndal og Rauma skadane er størst.

Det er gjort eit arbeid på registrering av status for hubro og det er gjennomført tiltak på straumnettet for å berge hubro.

Utviklinga i sjøfuglbestandane er framleis negativ. Hekkeresultatet for teist er det dårlegaste sidan registreringane starta. På Runde er det tilbakegang for krykkje, havhest, lomvi, alke og lunde.

 

Fisk og vassforvaltning

Vi har hatt fokus på å forbetre kunnskapsgrunnlaget gjennom bruk av overvakingsmidlar i kystnære sjøområde. Det er prioritert midlar til marin kartlegging i 2016. Det er stor utviklingsaktivitet i våre sjøområde innanfor maritim næring, akvakultur, fiskeri og infrastruktur. Naturressursane i sjø er utvilsamt svært store, men vi har mangelfull kunnskap om dei. For å sikre berekraftig utvikling i sjøområda treng vi ei vesentleg styrking av  kunnskapsgrunnlag. Fylkesmannen har dei siste åra medfinansiert slik overvaking saman med fylkeskommunen, kommunar, andre statlege etatar og privat næringsliv.  

I Drivaregionen vart det sett i gang eit prosjekt med kartlegging av sjøaure og dei fysiske tilhøva i sidebekkar i elvane med gyro i Drivaregionen. Michael Puffer i Sunndal kommune er prosjektleiar  for dette, men samarbeider med Fylkesmannen, Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veternærinstituttet, SJFF og elveeigarlag. Fylkesmannen har i lag med Sunndal kommune hatt dialog med vegvesenet for å retta opp skade i høve omlegging av ein viktig sjøaurebekk, Somrungen. Ny plan for dette er på plass, og det fysiske opprettingsarbeidet vil bli gjennomført i 2017.  

Arbeid med bevaringsplan for Drivaregionen starta opp hausten 2016 og skal vere ferdig i løpet av februar 2017. Det blir lagt opp til ei genbankløysing for laks og sjøaure i elvane Driva (nedom sperra), Batnfjordselva og Usma. Reetableringsarbeidet for laks og sjøaurestammane i Raumaregionen går etter planen. Fylkesmannen eig og driv Herje genbank. Det er gjort mange store utbetringar på dette anlegget dei siste åra. Det som no står att er å få på plass ei driftssikker og betre løysing for vasstilførsel til anlegget.  

Arbeidet med fiskesperre i Driva går etter plan, slik at den skal vere ferdig til 1 mai. Fangsthuset for oppvandrande fisk vil ikkje vere ferdig før til sommaren. Det blir arbeida med tilsetting av personer for å jobbe med handtering av fisk i fangsthuset. Det er krav om fiskehelsekurs og dei vil bli tilset i Sunndal kommune. Det faglege ansvaret for drift av fangsthuset har Veterinærinstituttet. Sjøaure vil bli merka, desinfisert og satt ut ovanfor sperra. Det vil bli tatt DNA test av all fisken.

 

Forureingsforvaltning

Tilsyn er høgt prioritert, og i år har vi gjennomført totalt 102 tilsyn. Det siste året har vi hatt meir fokus på å involvere fleire i tilsynsarbeidet og med meir erfaringsutveksling på tvers. Fylkesmannen har gjennomført tilsyn der temaet var kommunane som myndigheit for lokal luftkvalitet. Tilsyna vart gjort som brevkontroll med kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund.  

Vi har i år gjennomført fagdag om forureining for tilsette i kommunane. I alt 37 personar fordelt på 19 kommunar deltok på seminaret. Hovudtema for konferansen var forsøpling, avløp og overvatn.

 

Opprydding i forureina sjøbotn og forureina grunn ved prioriterte lokalitetar

Arbeidet med Borgundfjord-prosjektet i Ålesund har hatt høg prioritet. Alle grunnundersøkingane er utført. Vi har prioritert å følje opp arbeidet med prioriterte skipsverftlokalitetar, med kartleggingsdata for grunnforureining og forslag til tiltaksplanar. Ein del tidlegare innsende rapportar er noko mangelfulle når det gjeld å gi eit tilstrekkelig bilde av forureiningssituasjonen på land. Det har vist seg at det ved supplerande undersøkingar ofte blir avdekt forureining med spreiingsfare til sjø. I 2017 vil det som følgje av funn i dei supplerande undersøkingane bli gjennomført miljøtiltak ved fleire verft i fylket.


Fylkesmannen skal medverke til gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk og er delegert oppgåver frå Kommunal- og moderniserings-departementet, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet.

 

Avdelinga sine oppgåver blir ivareteke blant anna gjennom å utøve myndigheit der vi fattar ulike forme for vedtak, gir løyve eller fører tilsyn med at krav og reglar blir etterlevd etter Plan- og bygningslova, Forureiningslova, Naturmangfaldlova, Lakse- og innlandsfiskelova, Viltlova, Motorferdsellova og Friluftslova. 

Ei hovudoppgåve er å rettleie og følgje opp kommunane i deira arbeid med miljøvernsaker. 

 

Viktige tema og oppgåver

 

Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene ligg innanfor følgjande område:

 

Arealplansaker, der konsekvensar for miljø og samfunn er belyst og teke omsyn til

  • Samordna bustad areal og transportplanlegging

  • Klima- og energiplanlegging i kommunane

  • Friluftslivsverdiar, allemannsretten og landskapsomsyn vurdert i planar og tiltak

  • Planlegging i fjellområda, rammer for fritidsbustader, næring, reindrift og infrastruktur.

  • Differensiert forvaltning av strandsona

  • Kystsoneplanar med balansert bruk og vern av kystsona

  • Produsere, kvalitetssikre og vedlikehalde geodata

 

Forvalting av naturmangfald

  • Bidra til betre kunnskapsgrunnlag, oppdatering av kunnskap om artar og naturtypar.

  • Gjennomføre verneplanprosessar

  • Forvalte nasjonalparkar, naturreservat, landskaps-, arts- og biotopverneområde

  • Dialog med SNO om naturoppsyn og tiltak i verneområder

  • Iverksetting av tiltak mot framande, skadelege organismar

  • Rovviltforvaltning, bidra til at skadar som rovviltartane påfører husdyr blir minst mulig. Forvalte kongeørn og fellingsløyve på bjørn, ulv, gaupe og jerv

  • Viltforvaltning, primært ikkje haustbare artar

  • Fiskeforvaltning, for å ivareta bestandane av anadrom laksefisk

  • Ansvar for drifta av Herje-genbank

  • Tilskotsforvaltning og forvaltning av andre økonomiske verkemiddel (trua artar og utvalde naturtypar, overvaking på land, i sjø og vassdrag, fisketiltak, vassmiljøtiltak, vilttiltak, erstatning rovviltskadar og tiltak som skal hindre rovviltskade/ redusere konfliktane knytt til rovviltbestandane)

 

Forureiningsforvaltning

  • Konsesjonsbehandling og tilsyn av verksemder innanfor delegerte saksområde

  • Pådrivar innanfor helse- og miljøfarlege stoff, støy og luftforureining

  • Kommunalt avløpsvatn

  • Avfall og gjenvinning

  • Grunnforureining og forureina sedimenter