Landbruk

LANDBRUK – oppgåver og utfordringar

 

Jordvern og beredskap

Nasjonal jordvernstrategi (vedtatt av Stortinget desember 2015 ) seier at det skal omdisponerast mindre enn 4000 dekar dyrka jord årleg, og Stortinget ber regjeringa om å nå målet innan  2020.  For Møre og Romsdal betyr dette at vi framover må føre ei meir restriktiv praksis når det gjeld omdisponering av dyrkajord.  Nedbygging av jordbruksareal er langt på veg ein irreversibel prosess – og ei stor utfordring både internasjonalt, nasjonalt og lokalt.  Vern av arealressursane er fundamentet for å halde oppe lokal matproduksjon, god matvareberedskap og levande kulturlandskap.  Landbruket må få ein større plass i beredskapsarbeidet enn før.  På få år har næringskjedene blitt forandra – frå kretsløpsbasert produksjon basert på lokale ressursar, til netto stor import av matvarer frå andre verdsdelar.  Denne modellen gjer oss sårbare for både politiske og klimatiske endringar, og avhengige av globalt knappe ressursar som vatn og fosfor. Fylkesmannen arbeider aktivt for å heve bevisstheit og kunnskap om jordvern og kommunalt ansvar, og legg i 2017 opp til ein møteserie om temaet.

 

Møre og Romsdal er på veg til å bli eit betydeleg skogbruksfylke

Vi har store areal med hogstmoden skog som framover vil gi inntekter, arbeidsplassar og ressursar for vidareforedling.  Skogen si rolle som CO2 bindar blir viktigare og viktigare – og produksjonsareala må skjøttast for framtida. I dette ligg at god skog skal vernast mot nedbygging, og at skog som blir hoggen må erstattast med nyplanting.  Fylkesmannen samarbeider med næringa og kommunane for å legge til rette for produksjonsauken vi ser kjem.  Fylkesmannen samarbeider med vegvesenet om å kartlegge flaskehalsar i vegnettet, for å legge til rette for kostnadseffektive transportløysingar for tømmer.

 

Arealbaserte tilskot i jordbruket vert utmålt på grunnlag av kartet

Det er viktig at kartet er oppdatert og korrekt, slik at tilskota vert rekna ut på rett grunnlag. Korrekte kart er også viktige i areal- og samfunnsplanlegginga. Kommunane spelar ei sentral rolle i vedlikehald av kart, og har ansvaret for å rette feil og kontinuerleg oppdatere karta. Kommunane i fylket har ikkje følgt opp  vedlikehaldet godt nok.  Fylkesmannen arrangerte derfor eit seminar over to dagar i 2016, der vedlikehald, rutinar, forholdet til jordregister/landbruksregistert og kva kartet har å seie i forvaltninga av tilskot, var tema. Fylkesmannen vil halde eit stramt fokus på vedlikehald av kartet også i 2017, og temaet kjem til å bli tatt opp i forvaltningskontrollane.

 

Produksjonstilskot står for to tredjedelar av budsjettmidlane som går til landbruket

Det er to søknadsomgangar i året og praktisk talt alle jordbruksføretak søker ein eller to gonger i året om produksjonstilskot. Kommunane gjer vedtak i førsteinstans, men Fylkesmannen har viktige oppgåver med å gi fagleg støtte til kommunane samt behandle klager på kommunale vedtak og søknader om dispensasjonar. I løpet av 2017 blir det nytt forvaltningssystem med både nye søknadstidspunkt og nytt saksbehandlingssystem. Det er svært viktig at forvaltninga er førebudd på dette, og Fylkesmannen har ei sentral rolle i å få dette til.

 

Landbruksavdelinga legg til rette for næringsutvikling på bygdene

Mesteparten av ressursane er retta inn mot det tradisjonelle landbruket, men samtidig er det ønskje om å gi landbruket større breidde. Vi samarbeider med både Innovasjon Norge og Hoppid for å få fram gode prosjekt utanfor primærjordbruket. Vi har mange som satsar på å foredle mat lokalt, og vi har stor interesse for å tilby Inn på tunet-tenester Barn- og unge er heile tida i fokus Vi støttar skulehagar i grunnskulen, og vi arbeider aktivt med gründercamp og aktivitetar i regi av Ungt entreprenørskap.

 

Lokalmatområdet er i sterk vekst

Produsentar frå Møre og Romsdal har hevda seg godt i nasjonale og internasjonale kvalitetskonkurransar, og næringa har etter kvart fått eit betydeleg omfang.  Det er meir enn 100 produsentar i fylket, og miljøet er i vekst.  Lokalmat er og eit viktig produkt for reiselivsnæringa, og ein viktig identitetsberar Fylkesmannen har leia arbeidet med ny landbruksmelding for Møre og Romsdal, som skal  leggast fram for fylkestinget i juni 2017. Meldinga skal vere eit kunnskapsgrunnlag for å setje landbruket på den politiske dagsordenen og vise konsekvensar av ulike vegval. Den skal vere retningsgjevande for utviklinga av landbruket på regionalt nivå og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket.


Landbruksavdelinga

Fylkesmannen skal setje i verk den nasjonale landbrukspolitikken, gjennom informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak.

 

Fylkesmannen samarbeider med andre statlege etatar, fylkeskommunen og kommunane på fleire område. Landbruksavdelinga  skal legge til rette for større lokal verdiskaping, basert på naturgrunnlaget og dei menneskelege ressursane. 

Landbruksavdelinga samarbeider tett med både kommunane, Innovasjon Norge og fylkeskommunen. Avdelinga har eit særleg ansvar som kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet, og skal legge til rette for godt samarbeid i det regionale partnarskapet. 

Fylkesmannen skal formidle måla for landbruket og medverke til sikker matforsyning, levande kulturlandskap, verdiskaping i bygdene og busetnad.  Fylkesmannen støttar opp under aktivitetar knytt til regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat, og kunnskap om mat og helse.

 

Viktige tema og oppgåver

  • tilskottsforvaltning i landbruket

  • kontrollere at kommunane arbeider i samsvar med regelverket

  • næringsutvikling

  • miljø- og kulturlandskapsforvaltning

  • førebygging/behandling av rovviltskader

  • saker etter m.a. jordlov, skoglov, konsesjonslov og plan- og bygningslov

  • faglege bistand/innspel i arealplansaker