Justis og beredskap

Justis og beredskap – oppgåver og utfordringar

 

Samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen har oversikt over, og samordnar arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Vi har i 2016 ferdigstilt risiko- og sårbarhetsanalysen i fylket. (FylkesROS). ROS-analysen er utarbeidd i tett samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, og med bidrag frå relevante regionale aktørar. Arbeidet med FylkesROS er godt forankra i fylkesberedskapsrådet, og i kommunane. Saman med FylkesROS fjellskred og FylkesROS sjø har vi no eit godt kunnskapsgrunnlag for å jobbe vidare med den førebyggande samfunnstryggleiken.   

Vi har dei siste åra gjort eit større arbeid med dei overordna beredskapsplanane for handtering av store fjellskred.  Både lokale, regionale og nasjonale styresmakter  har eit beredskapsansvar knytt til dei store fjellskreda. Som ei oppfølging av dette arbeidet arrangerte vi nasjonal fjellskredkonferanse – Åknes 2016 med om lag 200 deltakarar, og med representasjon frå heile landet. Som eit ledd i konferansen gjennomførte vi ei diskusjonsøving – Øving Åknes 2016 for å teste dei nye beredskapsplanverka og auke rolleforståing og samhandling mellom aktørane. Øvinga var nyttig og gav oss god læring til det vidare arbeidet.

Gjennom vår rettleiing og høyringsuttalar til kommunale og regionale planar, ser vi at det vert tatt omsyn til førebyggjande tryggleik i samfunnsplanlegginga.

 

Verjemål

På verjemålsprosjektet nådde vi resultatmåla som var sett for 2016, og rettstryggleiken for dei verjetrengande var ivareteke. Med den økonomiske ramma som er stilt til disposisjon for 2017, er vi uroa for at vi ikkje når resultatmåla framover og at det vil bli lengre saksbehandlingstid på verjemålssakene. Fylkesmannen er uroa for at dette kan gå ut over rettstryggleiken til dei verjetrengande.

Einslege mindreårige asylsøkjarar skal etter lova ha oppnemnt ein representant i asylperioden og verje ved busetting. Den store tilstrøyminga dei seinaste åra medføret at det har vore ei merkbar auke i mengda søknader om godtgjering og utgiftsdekning frå representantar og verjer til einslege mindreårige asylsøkjarar. I tal utgjer auken ei dobling på to år, frå omkring 1000 saker i 2014 til over 2000 i 2016.  Sakstypen inneber månadlege eller kvartalsvise søknadar, og utbetaling frå det offentlege. I tillegg kjem krav om tolkerekningar som skal handsamast og utbetalast. Fylkesmannen er uroa for at talet på godtgjeringssaker vil vere like stort i 2017 som i 2016.

Det er ei utfordring å rekruttere tilstrekkeleg med faste verjer i fylket.

For å kunne gjere ein god jobb for den verjetrengande, må verjen ha evne til å ivareta den verjetrengande sine interesser.  Å vere verje passar for heilt vanlege menneske utan noko særskilt kompetanse. Alminnelig samfunnsforståing og litt ordna økonomi er kunnskap som er gode å ha når ein tar på seg eit verjeoppdrag. 

 

Fri rettshjelp

Ordninga med fri rettshjelp  er ei ordning der folk med svak økonomi kan få dekt advokatutgifter på særskild prioriterte saksområde. Dette er ei ordning som er særs viktig for rettstryggleiken til personar med dårleg økonomi. VI har i 2016 sett ei monaleg auke i talet på saker etter denne ordninga. Auka er særleg knytt til asylsaker, arbeidsrett, trygderett og familierett. Dette har samanheng med utviklinga i samfunnet elles.  Saksbehandlingstida for saker etter lov om fri rettshjelp har auka som følgje av større sakstilfang. Det er viktig for rettstryggleiken til desse gruppene at området vert styrka.

 

Klagesaksbehandling etter plan- og bygningslova

Saker etter plan- og bygningslova utgjer ein vesentleg del av vår klagesaksbehandling, og vi har dei seinaste åra lagt mykje arbeid i å redusere saksbehandlingstida. Vi får mange spørsmål frå kommunane om forståinga av dette regelverket, og vi rettleiar mykje over telefon. Vi ser at det er eit klart behov for meir rettleiing av kommunane både i byggesaker og i plansaker. Fylkesmannen ser behov for større merksemd om planjuridiske problemstillingar, slik at kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar vert nyttige verktøy for å styre arealbruken.

 

I 2017 vil avdelinga ha spesielt fokus på

  • Sikre at klage på byggesaker og klage på reguleringsplan er avgjort innan 12 veker slik at rettstryggleiken er ivaretatt
  • Sikre at 80% av vedtak om opprett verjemål er avgjort innan 80 dager, slik at rettstryggleiken er ivaretatt                                                                    
  • Sikre at saker om verjegodtgjering blir fatta innan fire veker, for å behalde verjer og representantar, og for å sikre rettstryggleiken til dei verjetrengande.
  • Sikre at det blir gjennomført tilsyn med 25% av kommunane med kommunal beredskapsplikt slik at samfunnstryggleiken er ivareteke i kommunane og nasjonal politikk er kjent og iverksett
  • Sikre at omsyn til samfunnstryggleik m/klimaendringar er ivareteke i alle arealplansaker slik at nasjonal politikk er kjent og iverksett 

Om avdelinga og sentrale fagområde

Fylkesmannen skal samordne ulike signal frå departementa til kommunane, samt kontrollere og rettleie kommunane i forhold til rettsreglar som gjeld kommunale organ.

 

Dette kan gjelde generelle eller spesielle juridiske problemstillingar.

 

Viktige tema og oppgåver

 

Ei hovudoppgåve er å ivareta rettstryggleiken til einskildpersonar og bedrifter gjennom m.a.

  • klagebehandling over kommunale vedtak (særleg knytt til disponering av fast eigedom - bygging, frådeling, reguleringsplanar, oreigningsvedtak)     

  • lovlegkontroll av kommunale vedtak

  • klager over kommunale skjenkevedtak

  • fri rettshjelp

Avdelinga har embetet sin spisskompetanse på fleire juridiske område - som t.d.

  • forvaltningslova

  • offentligheitslova

  • kommunelova

  • plan- og bygningslova

  • verjemålslova

  • ekteskapslova (m.a. separasjonar/skilsmisser)

Avdelinga behandlar på desse områda ei rad einskildsaker - forutan å drive rettleiing til både kommunar, privatpersonar og internt i embetet.

 

Samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen har ansvar for samordning av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap Sentrale oppgåver på beredskapsområdet omfattar:

  • bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter

  • krisehandtering

  • rettleiing og øving

  • tilsyn

  • fylkesberedskapsråd

  • atomberedskap

 

Vergemål

Fylkesmannen er etter vergemålslova lokal vergemålsmyndighet og skal behandle vergemålssaker i første instans.

Statens sivilrettsforvaltning er klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter vergemålslova, og fører tilsyn med Fylkesmannens utøving av oppdraget.