Helse og sosial

Helse- og sosial – oppgåver og utfordringar

 

Helse- og sosialavdelinga får oppdrag frå fleire departement og direktorat.  Avdelinga skal bidra til gode tenester og for rettstryggleiken til innbyggjarane i fylket når det gjeld helse,  omsorg og sosialtenestene,  samt familievernkontor og krisesentra.

Fylkesmannen er klageinstans for å klage på tenester eller tilbod i spesialisthelsetenesta, kommunane og sosialtenesta i NAV.

Vi har eit stort fokus på Barn og unge og deira rettar. Saker med barn og unge har prioritet i embetet og i vår avdeling.

Avdelinga bidrar også mykje når det gjeld utviklingsarbeid i kommunane, både i helse- og sosialsektoren og i folkehelsearbeidet.  Dette omfattar også innspel til planarbeidet i kommunane.

Eit anna viktig oppdrag for avdelinga er å føre tilsyn med helsepersonell og tenestene, både på individ og systemnivå. Tilsyna kan være basert på hendingar som vi får kjennskap til gjennom klager, bekymringsmeldinger eller media, eller det kan være planlagde tilsyn som vi har fått i oppdrag å utføre.

Tilsyn med sjukehusa, spesialisthelsetenesta, er også ein del av tilsynsansvaret vårt og det utfører vi saman med Fylkesmennene i Trøndelagsfylka. I 2016 har vi i spesialisthelsetenesta gjennomført tilsyn med

  • psykisk helsevern for barn og unge,
  • ivaretaking av teieplikta på sjukehusa
  • korleis sjukehusa handterer blodforgiftning i akuttmottaka

 

I dei kommunale helse- og omsorgstenestene har vi i 2016 hatt fokus på tvang og samtykkekompetansevurderingar i sjukeheimar og på tenester til og bruk av tvang mot, personar med utviklingshemming.

I dei fleste tilsyna i 2016 vart det funne avvik, eller lovbrot som det no heiter, og kommunane arbeider med å rette opp det som er peika på.

Innan dei sosiale tenestene har avdelinga hatt tilsyn med heile 14 NAV-kontor, der kontora sjølve har vurdert sin eigen praksis. Vi har hatt tre tilsyn på tenester til unge mellom 17-23 år. Det er vidare gjennomført to tilsyn/systemrevisjonar på tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogrammet som vart ei lovpålagt oppgåve for kommunane frå 2010.

I 2016 har vi arbeidd med involvering av brukarar, pasientar og pårørande i tilsyna våre. Dette er eit fokusområde også framover. Målet er at samtaler med brukarar og pårørande skal tilleggast like stor vekt som anna informasjon vi hentar i tilsyna.

På tilsynsområdet i 2016 vil vi særleg trekke fram det vi har sett ved tilsyn på bruk av tvang, både i sjukeheimar og mot personar med utviklingshemming . Vi ser det som alvorlege inngrep i personar sin rettsstryggleik og det er heilt nødvendig at kommunane sikrar kompetanse i tenestene på dette feltet!

I arbeidet med å auke rettstryggleiken og bidra til gode tenester har vi gjennom oppdraget vårt ellers hatt fokus på

  • Kompetanseløft 2020 – med tilskot til kompetanseheving i helse- og omsorgstenestene
  • Barn og unge sine rettar og levekår. Dette har vore eit satsingsområde i embetet i fleire år, og vil også vere det i 2017. No er det også ei nasjonal satsing på spesielt utsette barn og unge.
  • Opplæring i lovverk på våre fagområde 

I 2017 har Fylkesmannen (FM) mange oppdrag og Helse- og sosialavdelinga skal ha eit særskilt fokus på

  • Tenester til utsette barn og unge - FM skal bidra til godt samarbeid om ulike tenester retta mot utsette barn og familiar og vere lokal pådrivar for at nasjonale mål og tiltak blir godt koordinert. Vi skal medverke aktivt i arbeidet for å vidareutvikle og styrke kommunane sin innsats for barn og unge. Dette som ledd i arbeidet med å utvikle eit heilskapleg og samordna tilbod for barn og unge og deira familiar.
  • Opptrappingsplan på rusfeltet. FM skal i samarbeid med kompetansentra iverksette kompetansetiltak innan rus og psykiatrifeltet. Vi skal også bistå med opplæring i helse- og omsorgstjenesteloven §10 – om bruk av tvang mot menneske med rusmiddelproblem.
  • Bustadsosialt arbeid og bustad til utsette grupper. Eit av måla i den nasjonale strategien «bolig for velferd» er å hjelpe vanskelegsstilte på bustadmarknaden. Søkelyset er vidare retta mot det å sjå ulike oppgåver og tiltak i samanheng. Dette vil m.a. anna omfatta bustad for velferd, opptrappingsplan for rusfeltet, barn som lever i fattigdom og satsinga på barn og unge 0-24 år.
  • Kvalifiseringsprogrammet og aktivitetsplikt for dei under 30 år som får økonomisk stønad er viktige grep som skal bidra til at personer som ikkje er i arbeid får dette, om enn på sikt. FM skal bidra til dette ved mellom anna å tilby NAV kontor opplæring i sosialtenestelova.
  • Bruk av tvang på sjukeheimar og til enkeltpersonar med psykisk utviklingshemming for å følgje vidare opp særleg sårbare grupper.
  • Habilitering og rehabilitering. FM skal forvalte kommunale stimuleringstilskot som skal medverke til at brukarar i kommunane får dei habiliterings- og rehabiliteringstenestene dei har krav på.
  • Avdelinga forvaltar også ei rekkje andre tilskot der kommunane kan søke om midlar. Tilskota og tildelingskriteria ligg og ute på heimesida vår. 

I tillegg kjem planlagte tilsyn med både helse- og sosialtenester til personer med samtidig rus og psykisk helseproblem, både i kommunen og i spesisalisthelsetenesta.

Vi planlegg og tilsyn med krisesentra og familevernkontora i fylket.

Alle tilsyn som er varsla til dei vi skal ut til, vert lagt ut på tilsynsportalen på heimesida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 


Helse- og sosialavdelinga

Fylkesmannen skal medverke til å utvikle trygge helse- og sosialtenester for befolkninga.

Ei viktig oppgåve for Helse- og sosialavdelinga er å arbeide for at kommunane følgjer opp nasjonale mål og å ivareta rettstryggleiken til einskildpersonar på helse-, sosial- og familierettsområdet. 

Helse- og sosialavdelinga har oppdrag frå fleire departement og direktorat. Primært omfattar dette oppgåver for Helse- og omsorgsdepartementet og  Arbeids- og inkluderingsdepartementet med tilhøyrande etatar og direktorat. Gjennom oppdrag frå Statens helsetilsyn fører avdelinga tilsyn med helsepersonell og verksemder.

Avdelinga har brei juridisk-, helse- og sosialfagleg kompetanse og medverkar til gjennomføring av nasjonal politikk på helse- og sosialtenesteområdet og innan familierett.

 

Viktige tema og oppgåver 

Tilsyn og klagebehandling

Dette omfattar tenester etter sosialtenestelova og helselovene, herunder overprøving av vedtak om tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova og pasientrettighetslova. 

Utviklingsoppgåver

Avdelinga har oppgåver knytt til fleire sentrale handlingsplanar og satsingsområde med m.a. fordeling og oppfølging av ulike tilskottsordningar, råd og rettleiing, kurs og konferansar på ei rekke område. 

Viktige arbeidsoppgåver er retta mot:

  • Levekår og sosiale tenester, herunder og bustad for velferd

  • Utsette barn og unge og deira familie 

  • Spesialisthelsetenester

  • Primærhelsetenester

  • Omsorgstenester

  • Psykisk helse og rus

  • Habilitering og rehabilitering

  • Kvalitet og samhandling

  • Folkehelsearbeid