Administrasjon

ADMINISTRASJON – oppgåver og utfordringar

 

Kongehusets besøk i fylket 2016

  • Kronprins Haakon - Stranda, januar. Bedriftsbesøk på Orkla, pizzafabrikken og besøk på Lokal Yrkesmesse.
  • Kronprinsparet - Ålesund, april. Besøk på Symposiet «Marine Protein & Peptides in functional nutrition» og, trålaren Molnes og bedrifta Epax/FMC.
  • Kronprins Haakon - Rauma, mai. Opning av Norsk Tindesenter og besøk ved Aak Safety.
  • Kronprins Haakon - Molde, september. Opning av 25. Bjørnsonfestival og Råkhaugen omsorgssenter.
  • Dronning Sonja  - Giske/Alnes, oktober. Opning av Alnes fyr- og opplevelsessenter.
  • Kronprins Haakon - Ålesund, Ulstein og Giske, oktober. Konferansen SIKT-2016.

 

St. Olavs Orden og Kongens fortjenstmedalje

Det er delt ut 4 Kongens fortenestemedaljar:

  • Magne Trygve Godøy, Giske   kommune
  • Per Bjørn Ellingseter,   Vestnes kommune
  • Arild Berstad, Ålesund   kommune
  • Bjørg Marie Hammervold,   Kristiansund

 

Apostille

Fylkesmannen er delegert oppgåva med legalisering av dokument for bruk i utlandet, det vil seie for dokument som skal nyttast i dei landa som har ratifisert Haag-konvensjonen av 5. okt. 1961.

Statistikk for dei siste åra: 

2016

1615

2015

1491

2014

1530

2013

1769

2012

1908

2011

1686

2010

1666

2009

1502

Her finn du meir informasjon om Apostille:

http://fylkesmannen.no/nb/More-og-Romsdal/Folk-og-samfunn/Apostillestempel-pa-dokumenter/

 

Statsborgarseremoni

Fylkesmannen har sidan 2007 arrangert ein seremoni pr år for nye norske statsborgarar frå heile fylket vårt. Talet på deltakarar har auka jamt for kvart år. I 2016 deltok 166 statsborgarar (37,7 %) på seremonien saman med sine gjester. Deltakarane representerte 36 land og kom frå 27 av kommunane våre.

 

Kurs og konferansar arrangert av fylkesmannen

Fylkesmannen har arrangert 96 kurs og konferansar med totalt 6050 deltakarar.

 

Statlege tilskotsordningar utbetalt gjennom Fylkesmannen i Møre og Romsdal for 2015 og 2016

Utbetalt til

2015

2016

Kommunane i Møre   og Romsdal

111 229 477

139 713 093

Fylkeskommune

4 055 655

2 189 980

Organisasjonar og   enkeltpersonar

9 871 007

12 687 495

Statlege etatar

4 826 000

5 270 000


Administrasjonsstaben

Administrasjonsstaben skal bistå embetsleiinga og fagavdelingane med administrative oppgåver som staben har særskilt ansvar for, og sikre gode rutiner på administrativ stab sine tenesteområder. Staben skal videre bistå med og etter behov initiere organisasjons- personal og lederutvikling som kan styrke fylkesmannsembetets drift og utvikling.

Administrasjonstaben er oppgåveorganisert i 4 faggrupper; Arkiv og service, IKT, Personal og Rekneskap. Arbeidsfeltet omfattar interne løns- og økonomitenester, offentlege innkjøp, arkivtenester, IKT-tenester, personaltenester, resepsjon, administrasjon av kurs og konferansar. Administrasjonsstaben har også ansvar for apostille, Kongens fortenestemedalje/St. Olavs Orden og gjennomføring av kongelege besøk.