Søk om midlar til utstyr for programmering i skulen

Som ein del av tiltaka i den femårige satsinga den teknologiske skulesekken (2018-2022) skal Utdanningsdirektoratet dele ut 15 millionar i 2019, og i åra som kjem. Skuleeigarar kan søke innan 15. mai.

Mål for satsinga er å bidra til at elevar får kunnskap om og forståing for teknologi, algoritmisk tenking, programmering og tilgang til gode digitale læremidlar.

Tilskotsordninga er for offentlege skuleeigarar og skuleeigarar etter friskulelova som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving for lærarar i programmering. I utgangspunktet kan skuleeigar søke om midlar til alle typar utstyr, slik som digitale einingar, robotar og tilleggsutstyr for å arbeide med programmering i skulefag. Døme på tilleggsutstyr kan vere mikrokontrollere, sensorar, elektronikk og utstyr for digital fabrikasjon.

Følg lenka i høgre margen for å lese meir, sjå kriteria for tilskot og søknadsskjema.

Søknadsfrist 15. mai.