Søknad om dispensasjon - Fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk som fellesfag

Statsforvaltaren kan etter søknad gje dispensasjonen om fritak frå vurdering med karakter i framandspråk til elevar i videregåande opplæring. Dette gjeld elevar som er hardt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar og/eller har andre dokumenterte funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2021

Instruksen for behandling av søknader om fritak er endra av Kunnskapsdepartementet 28.05.2020 etter en ny avgjersle i Diskrimineringsnemnda. Sjå lenke til instruksen i høgremargen. Denne inneber at ein noko meir utvida krets av elevar kan vurderast for fritak frå vurdering med karakter i framandspråk.

Ein dispensasjon jf. forskrift til opplæringslova § 23-1 og forskrift til friskolelova § 3-38 inneber at eleven får fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk som fellesfag. Fritaket gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering. Eleven skal heller ikkje vere med i eksamenstrekket. Eleven får ikkje fritak frå opplæring i faget, og skal følgje undervisinga. Eleven skal ha halvårsvurdering utan karakter. Dispensasjonen gjeld ikkje faget engelsk. Privatistar er ikkje omfatta av ordninga.

 

For å kunne søkje om dispensasjon, må desse vilkåra vere oppfylte

  1. Personen er eller har vore elev i vidaregåande opplæring – studieførebuande utdanningsprogram
  2. Personen er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar at særskild tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre ei likeverdig opplæring. Det kan gjerast individuelle vurderingar også ved andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

Ein person som ikkje lenger er elev i faget framandspråk fellesfag, men har vore heiltids- eller deltidselev i vidaregåande opplæring (sjå vilkår a over), kan også søke om fritak frå vurdering i faget. Dette gjeld både elevar som tidlegare har fullført framandspråk (nivå I, nivå II eller nivå I+II) og elevar som har vald å avslutte faget. Den siste gruppa må i tillegg til å dokumentere vilkåra a og b over, sannsynleggjere at ho/han grunna funksjonsnedsettinga ikkje var i stand til å følgje faget. Sjå ytterlegare detaljar om m.a. føring av vitnemål i instruksen frå Kunnskapsdepartementet (28. mai 2020) i høgremargen.

 

Eitt av tre krav må vere oppfylt for å få dispensasjon:

Eleven må anten ha:

  1. vedtak om spesialundervisning i framandspråk frå ungdomsskolen fordi eleven er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar. Dette kan også gjelde andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

    og/eller

  2. vedtak om spesialundervisning i framandspråk frå vidaregåande opplæring fordi eleven er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar. Dette kan også gjelde andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

    og/eller

  3. ein uttale frå sakkunnige om at det er klart at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråk ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa fordi han/ho er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar. Dette kan også gjelde andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

 

Kva inneber ein uttale frå sakkunnige?

Det er PPT for vidaregåande som kan vurdere rett eller ikkje rett til spesialundervisning i vidaregåande skole. Uttale frå sakkunnig vil berre vere aktuelt i dei tilfella kor eleven er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar eller liknande at det ikkje er vits å setje i verk spesialundervisning.

 

Korleis søkjer eleven?

Eleven søker sjølv til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Det vert likevel rådd til at elever som skal søke sender søknaden via skolen. Dette er for å kvalitetssikre søknaden og for å gi skolane ei oversikt over talet på elevar som søker.

Søknaden må innehalde følgande:

  • Dokumentasjon frå sakkunnig instans som oppfyller minst eitt av krava over (1, 2 eller 3).
    I dokumentasjonen må det også gå fram ei vurdering av graden av dysleksi/språkvanske/funksjonsnedsetting, jf. at kravet for fritak er at du skal vere «så sterkt ramma ...»

  • Dokumentasjon frå skolen om tilrettelegginga som du har fått og effekten denne har hatt. For å få fritak frå vurdering med karakter i framandspråk må språkvanskane vere så store at dei tiltaka skolen allereie har prøvd ut, ikkje har hjelpt.

  • I søknaden må det i tillegg gå fram:
    • kva skole eleven går/gjekk på
    • trinn/utdanningsprogram
    • kva fag/fagkode eleven søker dispensasjon frå
    • kontaktinformasjon til eleven – namn/adresse/e-post/telefonnummer

Forvaltningslova sine reglar om enkeltvedtak gjeld for avgjerder om dispensasjon etter denne bestemminga. Utdanningsdirektoratet er klageinstans.

Søknaden sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:
Sikker melding til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
eller til postadresse
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde