Korleis kan du klage til Statsforvaltaren?

Du kan ta kontakt med Statsforvaltaren på fleire måtar:

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.08.2017

Elektronisk meldeskjema

Du kan fylle ut eit elektronisk meldeskjema. Skjemaet blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Vi vil raskt ta kontakt med deg. 

E-post

Du treng ikkje å skrive så mykje om du ikkje vil. Du kan skrive  at det gjeld skolemiljøet ditt, namnet ditt, eit telefonnummer vi kan ringe deg på og namnet på skulen din. Vi vil raskt ta kontakt med deg. Du kan sende e-posten til ein av saksbehandlarane til høgre på denne sida.  

Telefon

Du kan også ringe oss og melde saka di. Du kan ringe ein av kontaktpersonane til høgre på denne sida, eller du kan ringje sentralbordet vårt på 71 25 84 00.  

Brev

Her gjeld det same som for e-post: du treng ikkje å skrive så mykje om du ikkje vil. Du kan skrive  at det gjeld skolemiljøet ditt, namnet ditt, eit telefonnummer vi kan ringe deg på og namnet på skulen din. Vi vil raskt ta kontakt med deg.

Du kan sende brevet til:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Postboks 2520
6404 Molde