Du har rett til å ha det bra på skulen

Du har rett til å ha det trygt og godt på skolen. Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Dersom du ikkje har det bra, har du rett til å få hjelp frå dei vaksne på skolen. Dette står i ei lov som heiter opplæringslova.

Du avgjer om du har det bra

Det er du som veit best korleis du har det på skolen. Dersom du meiner at du ikkje har det bra, skal rektor og dei andre vaksne som jobbar på skolen ta deg alvorleg og hjelpe deg. 

 

Det treng ikkje å vere mobbing for at du skal få hjelp

Det held at du ikkje har det bra. Det kan til dømes vere at du er einsam, ikkje har venner, blir halden utanfor eller gruer deg til å gå på skolen. Det kan vere at du er redd for nokon på skolen, til dømes andre elevar eller vaksne som jobbar på skolen. Av og til kan det hende at det er noko som har skjedd på fritida som gjer at du ikkje har det bra på skolen. Dei vaksne på skolen skal hjelpe deg slik at du har det bra på skolen.

 

Vaksne på skolen skal stoppe mobbing og plaging

Dersom ein vaksen på skolen veit om – eller trur – at du eller andre elevar blir mobba eller plaga, skal han eller ho alltid

  • gripe inn og stoppe det med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie i frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd
  • lage ein plan for kva som skal gjerast

Rektor skal hjelpe deg. Ho eller han har ansvaret for at mobbinga og plaginga ikkje held fram, og at du får det bra.

 

Alle barn og unge har rett til å seie meininga si og bli høyrde

Når dei vaksne på skolen skal vurdere kva dei må gjere for at du skal få det bra på skolen, har du rett til å fortelje om korleis du har det og ha ei meining om kva som skal til for at du skal få det bra på skolen.

Du treng ikkje å gjere dette om du ikkje vil. Når skolen vurderer kva dei må gjere, skal dei alltid ta utgangspunkt i kva som er det beste for elevane det gjeld.

Tilbake

  

Kjelder:

nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017