Nye retningsliner for mat og måltid i barnehagen

Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen erstatta IS-1484: «Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen» fra 2007.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.12.2018

Revidering av retningsliner for mat og måltid i barnehagen er eit av oppfylgingspunkta i tiltaket om å fremje gode mat- og måltidsvanar i barnehagen i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017-2021).

Mål og målgruppe

Målsettinga med revidert Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen er å gi dei tilsette i barnehagen oppdaterte kunnskapsbaserte anbefalingar å følgje slik at barna vert sikra gode rammer for måltida og god ernæringsmessig kvalitet på mat- og drikketilbodet. Retningslinene viser til ein praksis eller framgangsmåte som speglar fagleg forsvarleg og/eller god praksis på dette feltet. Retningslinene for mat og måltid i barnehagen rettar seg mot barnehageeigar, barnehagestyrar, barnehagepersonell og andre som jobbar i barnehagen. Retningslinene kan også være nyttig for foreldre/føresette (helsestasjon og tannhelsetenesta samt i kommunalt planarbeid i eit folkehelseperspektiv).