Tilsyn

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen som barnehagemyndigheit utfører oppgåvene sine etter lova. Fylkesmannen kan ikkje føre tilsyn med den enkelte barnehage eller barnehageeigar.

I Norge har vi både offentlege og private barnehagar. Alle barnehagane må følgje reglane i barnehagelova og forskriftene som høyrer til. Det er barnehageeigaren som er ansvarleg for å oppfylle krava I lova.

Kommunen som barnehagemyndigheit skal sjå til at alle barnehageeigarane følgjer lova. Tilsyn er eitt av verkemidla som barnehagemyndigheita kan bruke. Dette betyr at kommunen kan føre tilsyn med både offentlege og private barnehageeigarar.

Har du mistanke om at du har opplevd brot på regelverket?

  • Gjeld det ein skule eller kommunen som barnehagemyndigheit kan du kontakte Fylkesmannen.
  • Gjelde det ein bestemt barnehage, kan du kontakte kommunen barnehagen ligg i.

Rapportar frå Fylkesmannen sine tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit finn de her: Tilsynsrapportar 

 Elles viser vi til meir informasjon om tilsyn  på Utdanningsdirektoratet si heimeside www.udir.no

Aktuelt

Relaterte lenkjer:

Regelverk
Tilsynsrapportar

 

Kontaktperson:

Silje Veronika Reinaas
seniorrådgivar

Tlf: 71 25 85 63