Tilskotsordningar

Vi er i gang med å utarbeide ein tilskotskalender på nettsidene våre, der vi vil presentere alle tilskotsordningar og fristar. Før denne er på plass vil de finne informasjon om dei ulike tilskotsordningane under kvart fagområde.

Oversikta under er ikkje ajour. Sjå difor under det einskilde fagområde for meir informasjon.

Tilskotsordningar forvalta av Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Tilskotsordning Føremål Frist  
Ordinært skjønnstilskot Kompensasjon for utgifter som ikkje er fanga opp av inntektssystemet Ny frist kjem i medio august 2015

 

Prosjektskjønn Utviklings- og fornyingsarbeid 20. mars  
Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot , inkl. Kompetanseløftet 2015,brukarstyrt personleg assistanse (BPA) og innovasjonsprosjekt. 

Bidra til å sikre tilstrekkeleg,kompetent og stabil bemanning i omsorgstenestene.

 11.mai 2015

 Les meir
Tilbud til voksne med langvarige og sammensatte behov for tjenester og barn og unge med sammensatte hjelpebehov (5 tilskot slått saman) 

Styrke tilbudet til mennesker med langvarige og sammensatte tjenestebehov gjennom å etablere helhetlige, samtidige og virksomme tjenester fra ulike nivåer og sektorer. Ordningen skal også bidra til utvikling av helhetlige og samtidige tilbud til utsatte barn og unge.

NY FRIST!! 17.april  Les meir
Tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse- og rusarbeid

Ordninga som erstattar tidlegare stimuleringstilskot til vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, psykososialt arbeid med barn og unge og rusproblematikk.

Søknadsfrist 2.mai  Les meir
Tilskot til leirskoleopplæring

 Måletmed tilskottsordninga er å stimulera kommunane til å gje alle elevar eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

15. juni for våren og 25. november for hausten

Les meir 

 

Tilskot til opplæring til barn og unge som søker opphald i Norge.

Målet med ordninga er å bidra til finansiering til kommunar og fylkeskommunar slik at barn og unge som søkjer opphald i Norge, får grunnskoleopplæring og/eller vidaregåande opplæring jf. §§ 2-1 4A-1 tredje ledd og 3-1 tolvte ledd.

NY UTVIDA FRIST!

15. mars for hausten 2015

 

15. juni for våren og
1. februar for hausten

 Les meir

Tilskot til fiskeformål

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk.

15.januar Les meir
Tilskot til truga arter

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på prioriterte arter etter naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og truga arter, jf definisjonen av truga arter i Norsk rødliste for arter.

15.januar  Les meir
Tilskot til viltformål

Tilskotsordninga skal medverke til eit haustingsverdig overskot av viltet.

15.januar Les meir
Tilskot til truga naturtypar

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova kap. V, og truga naturtypar, jf definisjonen av truga naturtypar i Norsk rødliste for naturtyper.

15. januar Les meir
Tilskot forvaltingstiltak kulturlandskapsområde

Ordninga skal sikre bærekraftig forvalting av naturverdiane i norske kulturlandskap med spesielt høge verdiar knytta til naturmangfald.

15. mars Les meir

 

Tilskot til verdiskaping basert på naturarven

 

Tilskotsordninga skal medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein del av ei brei verdiskaping som har langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.

15. januar Les meir
Tilskot til  rovvilttiltak

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Ordninga skal også medverke til å dempe konfliktar.

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak: 15. januar

Omstillingstiltak 15. februar

Les meir
Tilskot til nedkjemping av barnefattigdom

Formålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar gjennom å utvikle tiltak og verkemiddel etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga

1.februar 2015 Les meir
Tilskot til boligsosial

Tilskot til bustadsosialt arbeid er del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Hovudmålet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestene i kommunane, slik at dei betre kan ta hand om behovet bustadlause og rusmiddelmisbrukarar har for oppfylging i bustad

1. februar 2015  Les meir
Tilskot til førebygging av uønska svangerskap og abort 2015

Konkrete tiltak som kan bidra til betre seksuell helse i aldersgruppa 20 – 24 år og tiltak som involverer brukarar og aktuelle samarbeidsaktører på feltet.

10.februar 2015 Les meir
Tilskudd til kommunalt rusarbeid

 Mål for tilskudds-ordningen er kapasitetsvekst i det samlede kommunale rusarbeidet for å sikre et tjenestetilbud til mennesker med rusrelaterte problemer er tilgjengelig, helhetlig og sammenhengende.

16. februar2015  Les mer
Tilskudd til psykolger i kommunal helse og omsorgstjeneste

Formålet er å styrke psykologkompetansen i det samlede kommunale arbeidet på psykisk helse- og rusfeltet.

 NY FRIST!!1.april 2015

 Les mer
Tilskudd til frisklivssentraler 2015

Tilskotsordninga skal stimulere kommunane til etablering og vidare utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod.

Søknadsfrist 12. mai Les meir

Tilskot til kommunale oppfølgingstilbod i frisklivssentralar for personar med kroniske lidingar

 Målet er å stimulere til utvikling av tiltak i dei kommunale helse- og omsorgstenestene som kan støtte opp under og realisere måla i samhandlingsreforma.

ny kunngjering for 2015 kjem  

 Tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Målet er å fremme natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket - utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Kommunane løyver tilskott frå ei tildelt ramme (tildelt 10. februar 2015). Søknadsfristane kan vere ulike frå kommune til kommune. Kontakt kommunen for informasjon. Les meir

 Ekstra tilskott avgrensa til fjellgardane og seterdalane i øvre Sunndal.

 Fylkesmannen får tildelt ei ramme kvart år. Føremålet er å styrke drifta gjennom ekstra bidrag til skjøtsel av areale og til dyr på utmarksbeite. å ta vare på bygningar og andre kulturminne er eit mål.

Ikkje fastsett søknadsfrist. Eigarar/drivarar inngår avtalar med fylkesmannen om skjøtsel av areal, beiting og andre tiltak (for eksempel restaurering av bygningar). Kontakt fylkesmannen eller Sunndal kommune for meir informasjon.  Les meir

Ekstra tilskott avgrensa til verdsarvområdet i Geiranger/Herdalen.

 Målet er å styrke drifta i området gjennom ekstra bidrag til skjøtsel av areal og til dyr på utmarksbeite.

Ikkje fastsett søknadsfrist. Eigarar/drivarar inngår avtalar med fylkesmannen om skjøtsel av areal, beiting og evt. andre tiltak (feks. gjerding). Kontakt kommunane Stranda, Norddal eller fylkesmannen for meir informasjon.  

 Klima- og miljøprogram (informasjonsmidla). Kr. 250 000 i 2015.

Midla skal nyttast  til utviklingstiltak på miljø- og klimaområdet. Det skal leggast vekt på at midla vert nytta til praktiske og næringsretta  prosjekt.

Søknadsfrist 20. mai Les meir

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Målet er å betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å gje auka matproduksjon. I tillegg vil god dreneringstilstand redusere faren for erosjon og overflateavrenning.  

Kommunane innvilgar tilskot frå tildelt tilskotsramme. Søknadsfristane kan vere ulike frå kommune til kommune.  Les meir

Tilskott til utgreiings- og tilretteleggingtiltak (tidlegare bygdeutviklingsmidlar)

Støtta kan gjevast til prosjektbaserte tiltak som skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og til å utvikle andre landbruksbaserte næringar. Midla kan gjevast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan.

Løpande saksbehandling. Det kan verte sett frist.  

Tilskott til veterinære reiser

Landbruksdirektoratet gir tilskot til reiser ved veterinærar sine sjuke- og inseminasjonsbesøk for å jamne ut kostnadane mellom husdyrprodusentar som benyttar seg av veterinærtenester og for å sikre tilfredstillande tilgang på dyrehelsepersonell over heile landet til alle døgnets tider.

  Les meir

Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal

 Tilskot kan gjevast til føretak som har rett til produksjonstilskot i jordbruket. Formålet er å ta vare på kulturlandskapet og redusere forureining og risikoen for forureining.

Tilskot kan også gjevast til beitelag, som organiserer beiting i utmark.

 

  Søknadsfrist føretak 20.08.Søknadsfrist beitelag 01.11.  Fleire opplysningar kjem seinare

Tilskott til tiltak i beiteområde

Tilskottet skal legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

 1. mai

 Les meir

 

Tilskotsoversikt av andre offentlege organ

Tilskotsordningar forvalta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tilskotsordningar forvalta av Møre og Romsdal fylkeskommune

Tilskotsordningar forvalta av Regionalt forskningsfond Midt-Norge