Fagdag om forureining for tilsette i kommunane

Dato:
9. november 2016 10:00 - 16:15
Sted:
Hotel Union Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, miljøvernavdelinga
Målgruppe:
Kommunar i Møre og Romsdal - saksbehandlarar, leiarar, politikarar med fleire.

Den 9. november 2016 arrangerer Fylkesmannen ein fagdag i samband med Avfallsforum sin haustkonferanse på Hotel Union i Geiranger. Vi håper at alle kommunane i Møre og Romsdal vert representert denne dagen. Påmelding seinast 7. oktober 2016.

Fagdagen er gjennomført og du finn artikkel med alle foredraga ved å følgje denne lenka. 

Kommunane har mange oppgåver innan fagområdet forureining. For å hjelpe kommunane til ei god og effektiv handtering av forureiningssaker vil Fylkesmannen leggje til rette for informasjon og erfaringsutveksling. Målgruppa for fagdagen er saksbehandlarar, leiarar, politikarar og andre som ønskjer meir kunnskap om kommunane sine oppgåver og som ønskjer å utveksle erfaringar med Fylkesmannen sine folk, og kollegaer i andre kommunar i fylket.

Programmet startar kl. 10.00 og held fram til 16.15. med tema innan forsøpling, avløp og overvatn m.m. I tillegg vil Fylkesmannen ha ein stand i alle pausane der kommunane kan kome å diskutere aktuelle sakar med oss.

Fylkesmannen sin fagdag for kommunar blir arrangert i samband med Avfallsforum sin Haustkonferanse 2016, og har felles påmelding med påmeldingsfrist den 7. oktober. Her kan ein altså få ytterlegare fagleg påfyll på same reisa. Det er mogleg å melde seg på berre Fylkesmannens arrangement 9. november, eller på delar eller heile arrangementet . Sjå på Avfallsforum sine nettside for fullstendig program og påmelding.

Dato:
9. november 2016 10:00 - 16:15
Sted:
Hotel Union Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, miljøvernavdelinga
Målgruppe:
Kommunar i Møre og Romsdal - saksbehandlarar, leiarar, politikarar med fleire.